Fire kommunar har gått saman for å utvikle kompetansestigar. Dei tilsette i kommunehelsetenesta må kunne meir enn før for å takle stendig meir kompliserte sjukdomsbilete.
Pasientar som for nokre år sidan ville ha vore innlagde på sjukehuset, bur no på sjukeheimen. Dei som for ti–femten år sidan ville ha budd på sjukeheimen, bur no heime. Fleire gamle og fleire menneske med alvorlege diagnosar, er i dag overletne til kommunehelsetenesta. Difor blir det stilt stendig større krav til dei tilsette i kommunane.
Treng å kunne meir
Åslaug Bøhn Botnen, pleie- og omsorgssjef i Kvam kommune i Hordaland, har
lang erfaring frå helsesektoren. Ho slår fast at dei tilsette treng ein
annan kompetanse i dag enn det som var naudsynt då ho var ferdig utdanna
sjukepleiar på 1980-talet. Ho er sikker på at medarbeidarane i
kommunehelsetenesta heile tida må tileigne seg meir kunnskap i åra som kjem.
– Eg har vore med på skuleringa av leiarar i dei fire kommunane. Det førte
mellom anna til at eg og dei andre administrative leiarane, har ei
førestelling av kva slag kompetanse vi treng no og dei komande åra. Etter
kartlegginga, avgjorde vi kva for kompetansestigar vi ville opprette.
Kompetansestigane gjer at dei tilsette kan tileigne seg nett den kompetansen
vi treng.
Visste for lite
Lillian Kvamsøy, hjelpepleiar og hovudverneombod i kommunen, er med i ei av
dei fem gruppene som er i aktivitet i Kvam kommune. Dei tre andre kommunane
har sine grupper.
– Vi har fått mange ungdommar med ulike funksjonshemningar, og eg kjende at eg
kunne for lite om dei ulike diagnosane, fortel Kvamsøy. Ho arbeider dels i
ein avlastningsbustad og dels i bustader for menneske med ulike
utviklingshemningar.
I gruppa til Kvamsøy er dei tre som arbeider med utviklingshemma brukarar og
ein som arbeider på ei skjerma avdeling for personar med demenssjukdommar.
Dei har lest saman sidan hausten 2004, og er no ferdig med første året med
felles pensum for alle yrkesgrupper. Dei to neste åra vil det vere eitt
pensum for fagarbeidarane og eitt for høgskulegruppene.
– Vi har gjort oss ferdig med teorien omkring vegleiing, og held no på med
aldringsprosessar. Kvamsøy vil etter kvart fordjupe seg i temaet
terminalpleie.
Kompetanse kostar
Alle deltakarane og leiarane deira får vegleiing av lærarar frå Høgskolen i
Bergen.
– Leiaren følgjer heile tida med på kva som er tema i gruppa. Det gjer det
mogleg å finne arbeidsoppgåver kor deltakarane får praktisert det dei les
om, opplyser Bøhn Botnen.
For kommunane kostar det at så mange av dei tilsette innan helsesektoren blir
kursa i tre år. I Kvam kommune er 30 tilsette involverte i kompetansehevinga
som i alt har 90 deltakarar. I tillegg har 10 av leiarane vore med på
leiarutviklingsprogrammet som i alt hadde 30 deltakarar.
– Vi betaler litteratur, reiser og vikarar i tillegg til at vi har
administrasjonsutgifter knytt til prosjektet, fortel pleie- og omsorgssjefen.
– Fordi det kostar, har kommunen innført ei bindingstid på to år. Det tyder at
om nokon sluttar, må dei betale tilbake heile eller delar av kostnadene
våre.
Krevjande opplæring
Det skal heller ikkje vere lett å hoppe av viss ein medarbeidar har byrja på
kompetansestigen.
– Skal vi nå måla vi har sett oss, må flest mogleg fullføre. Men det er klart
at motivasjonen ikkje er på topp hos alle heile tida. Det er meir krevjande
enn mange hadde tenkt seg. Difor er det så viktig at leiarane aldri er langt
unna og alltid godt orienterte. Ein viktig del av vår oppgåve er å halde
motivasjonen oppe, seier Bøhn Botnen.
Ho fortel at arbeidsgjevarane er innstilte på at dei som tar ei
etterutdanning som kommunane etterspør, skal få nye arbeidsoppgåver
undervegs, slik at dei får brukt den nye kompetansen.
– Det skal òg løne seg økonomisk å ta ei etterutdanning, meiner Bøhn Botnen.
– Sjølv om fagarbeidarane ikkje får studiepoeng for kursa, skriv dei oppgåver
som blir vurderte, og dei får papir på at dei har gjennomført
etterutdanninga. Dei som ynskjer det, kan ta ein fagskuleeksamen, opplyser
pleie- og omsorgssjefen.
Ikkje heilt nøgde
Dei fleste pleiarane som tar vidareutdanning og blir godkjende som kliniske
spesialistar, held fram med å arbeide innan klinisk praksis. Ein positiv
effekt av etterutdanning er òg at dei tilsette blir meir fagleg medvitne.
Dei som har vore gjennom ei etterutdanning, ønskjer ofte å lære endå meir.
Dei har også eit sterkt ønskje om å bruke det dei har lært.
Men om lag halvparten av dei som har teke ein klinisk fagstige, får ikkje
høgare løn eller nye oppgåver. Dei får heller ikkje tid til fagleg
utvikling. Mange klagar over at kompetanseutviklinga ikkje fører til endra
arbeidstilhøve.
For at brukarane, dei tilsette og arbeidsgjevarane skal ha størst mogleg
glede av ein klinisk fagstige, må den lokale leiinga vere engasjert i
arbeidet med å auke kompetansen til dei tilsette.
Kjelde:
De Facto-rapport, Eli Kvamme og Paul Bjerke, januar 2003:
Kliniske spesialister, en kartlegging
Kompetanseutvikling i Hordaland
Styrt lokalt
Fire kommunar i Hordaland har gått saman for å auke kompetansen blant dei
tilsette innan pleie og omsorg. Austevoll, Kvam, Lindås og Tysnes
samarbeidar med Institutt for sykepleie ved Høgskolen i Bergen for å utvikle
kompetansestigar tilpassa lokale tilhøve.
– Eitt mål med dette arbeidet er å styrkje rekrutteringa og halde på
personalet, seier Raymond Turøy, leiar i Fagforbundet Hordaland Seksjon
helse og sosial. Han er ein av 11 som sit i styringsgruppa for prosjektet.
– Og så blir jo kvaliteten på tenestene til kommunane betre med auka
kompetanse, legg han til.
Kva for kompetansestiger som blir utvikla, vert avgjort lokalt.
– Arbeidssituasjonen til pleiarane i kommunane er blitt meir kompleks dei
siste åra. Dei tilsette, som ofte arbeider åleine, møter mange ulike og til
dels særs alvorlege lidingar og diagnosar. Dette stiller store krav til den
faglege kompetansen deira, seier Turøy.
Heile prosjektet inneheld tre delprosjekt; leiarutvikling med kartlegging av
kva ein treng, kompetanseutvikling av dei tilsette og evaluering.
Styringsgruppa byrja arbeidet sitt i 2001. Evalueringa skal vere avslutta
ved utgangen av 2006.
Sentrale fagfelt
Om lag 90 hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, vernepleiarar og sjukepleiarar
frå Kvam, Lindås, Tysnes og Austevoll er med i ei etterutdanningsgruppe.
Målet er at dei alle skal bli kliniske spesialistar innan eitt av følgjande
fagfelt:
Kreftomsorg
Demenssjukdommar
Hjarte- og lungesjukdommar samt nevrologiske lidingar
Diabetes
Terminalpleie
KVALITETSARKIVET - KVALITETSHS
Kl 06.15: Mekler Merete Smith har lagt fram et meklingforslag som både EL & IT Forbundet og NHOs forhandlere har akseptert. Dermed blir det ingen streik fra i dag. Les mer
Lønnstillegg på over fem kroner timen og gjennomslag for prinsippene fra frontfaget når det gjelder vikarer. Det er hovedinnholdet i meklingsforslaget som nå er anbefalt av begge parter. Les mer
Nå får elektrikere som jobber offshore bedre rotasjonsordninger. Med flere hovedkrav innfridd, kan leder i EL & IT Forbundet, Hans O. Felix, smile etter nattens mekling. Les mer
Tolker vi bussjåførene i Hordaland riktig er de klare for streik. NHO og arbeidsgiverne må skjønne sin besøkelsestid og innfri kravene skal de unngå konflikt. Les mer