Å bli hengt ut på internett med namn og bilde er blitt ein del av kvardagen til mange offentleg tilsette. Det er særleg personar som jobbar med barnevernssaker som får unngjelde.
.
.
.
* Arbeidslivets storebror
* Milliarder på kistebunnen
* LOs glemte kunstskatter
* Storstreiker gjennom tidene
* Miniportretter av samtlige LO-ledere
* LO-quiz
| Tore Ryssdalsnes, ansvarlig redaktør i Magasinet Aktuell | |
| Publisert 21.02.2007 kl 09:48 Oppdatert 06.11.2009 kl 13:32 |
Fleire nettsider har laga lange lister der dei åtvarer mot namngjevne barnevernstilsette, sakkunnige psykologar og advokatar. ”Formålet er å få nedlagt det barnevernet vi har i dag, et barnevern som fungerer så dårlig at vi var bedre tjent uten”, heiter det på ei av dei mange nettsidene Aktuell har besøkt.
I førre utgåve av Aktuell fortalde vi om Susanne Devik Hope frå Bærum som har blitt uthengd med namn og bilete kobla med negative personkarakteristikkar.
Fagforbundet hennar, FO, har sidan 2004 kjempa for å setje dei mange listene på dagsorden. Dei har gått så langt at dei har meldt enkelte bakmenn til politiet med bakgrunn i såkalla skremmande og plagsom oppførsel. Alle sakene er henlagt, så FO har etter kvart teke sakene vidare til Justisdepartementet og Datatilsynet. Foreløpig utan resultat, men overfor Aktuell har no både justisminister Knut Storberget og statssekretær Kjell Erik Øie i Barne- og likestillingsdepartementet lova å rydde opp. Utan at det føreligg konkrete forslag på bordet.
I denne utgåva av Aktuell fortel vi historia om det landsomfattande nettverket som står bak mange av nettsidene. Vi har intervjua Rune Fardal, som er ein av dei mest sentrale i nettverket. Han seier at nettverket er førebudd på å bruke hardt skyts, og at svartelistene berre er starten. Ifølgje Fardal har nettverket dokument som er klare for publisering om han eller andre skulle bli saksøkte.
Denne saka syner verkeleg både internettets positive og negative sider. På den eine sida er internett eit redskap som har gjort det langt enklare for kvar enkelt å engasjere seg og gje uttrykk for meiningane sine. På den andre sida er det blitt så enkelt at det ikkje lenger er nemneverdig kontroll med kva som blir publisert. Påstandar kan slengast ut udokumentert, det er nok å vitje diverse debattforum og bloggsider for å finne personkarakteristikkar som aldri ville komme på trykk i tradisjonelle aviser og blad.
I denne saka er det naudsynt å ha to tankar i hovudet samstundes. På den eine sida er det viktig å verne om ytringsfridomen etter prinsippet om at det berre er gjennom åpen debatt ein kan bekjempe haldningar ein vil til livs. På den andre sida må tilsette i barnevern og andre offentlege etatar kunne gjere den jobben dei er sette til utan å frykte for kva eller kven som møter dei bak neste sving.
Barnevernet skal sjølvsagt debatterast og kritiserast når det er behov for det, men det bør ikkje gå på helsa laus for dei som jobbar der. Rundt halvparten av medlemmene i FO har oppgitt at dei er blitt utsett for vald eller truslar det siste året. Det mest skremmande med svartelistene er faktisk ikkje at slike lister finst. Det farlegaste er at listene bidreg til å legitimere truslar og vald mot namngjevne enkeltpersonar.
For oss som held fana for ytringsfridom høgt, vil det vere tragisk om konsekvensen av ekstrem ytringsfridom av dette slaget medverkar til truslar og vald. Då vil vegen vere kort før politikarane vedtek innskrenkingar for det frie ord.
«Vi (?) er prinsipielt imot enhver pålagt og ufrivillig avtale. Basert på dette stiller vi oss totalt avvisende til deres henvendelse», svarte Gjøvik-firma på krav om tariffavtale. Nå trappes presset opp. Les mer
Det er dommen kommunalt ansatte barnevernere feller over det statlige barnevernet, Bufetat. 7 av 10 sier de blir overprøvd av statens barnevernere. Les mer
Staten må styrke samarbeidet med arbeidstakerorganisasjonene om IA-avtalen, fastslår seniorrådgiver i FAD. NSB-direktør etterlyser større engasjement fra de tillitsvalgte. LO Stats landskonferanse
Streiken blant 1,3 millioner offentlig ansatte har splintret den nasjonale enheten fotball-VM skapte i Sør-Afrika og svekket den statsbærende alliansen mellom ANC, fagbevegelsen og kommunistpartiet. Les mer
Etter å ha hestehandlet med abortmotstandere i eget parti i 11.time klarte Obama å sikre seg 219 stemmer og flertall i Representantenes hus. Men fagbevegelsen forventer mer.
KOMMENTAR av Nina Hanssen
- SCTRESS! Problem problem, sier den maskuline ungarske kvinnen barskt og banker meg på den verkede skulderen. Nooni har prøvd ungarsk spa
... Det er nemlig ikke mye romantikk forbundet med e-post lenger. Jeg har mildt sagt fått et anstrengt forhold til den digitale postkassen...PETIT: Nooni sliter med spam
...i den fattige delen av verden, der det bor om lag en milliard innbyggere – bunnmilliarden som den tidligere forskningslederen i Verdensbanken Paul Collier kaller den – er finanskrisa ingen nyhetssak. ...Superego
... – Ja, vi kan, gjentar 13-åringen. – Det sier Byggmester Bob også, sier 6-åringen... Nooni
Siste kommentarer