NTL ønskjer å passere 50.000 medlemmer innan landsmøtet. Då treng dei 1000 nye, og for å få vervinga i gong freistar dei med pokal og 10.000 kroner til den beste vervaren.
NTL si målsetting om å passere 50.000 medlemmar innan landsmøtet 1. november krev innsats. I andre kvartal var det 48.906 NTL-medlemmar.
For å få til en verve-spurt inn mot landsmøtet lokkar forbundet no med vandrepokal til den landsforeininga eller foreininga som vervar prosentvis flest, i tillegg til ein sjekk på 10.000 kroner.
Krevande
Organisasjonssekretær Rolf Herman Longnes i NTL fastslår at det er ei ambisiøs målsetting forbundet har satt seg.
- Det er ganske krevjande å verve så mange. Vi reknar med at vi må verve ti personar for å auke medlemstalet med éin, på grunn av at det er mange som sluttar, skiftar jobb og så vidare, seier han.
Difor håpar forbundet at premiane ved å verve godt dei neste to månadane vil ha effekt.
- Sidan det er det organisasjonsleddet med høgast prosentvis verving som vinn, er det ei spesielt stor spore til innsats for dei mindre foreiningane og landsforeiningane om å stå på, seier Longnes.
Stolt
Å verve er ein kunst, slik Longnes ser det. Men han meiner det viktigaste er å vere ærleg, kjenne organisasjonen og vere stolt over den.
- Ein må ha tru på eigen organisasjon og vere synleg, seier han.
Han er tydeleg på at dei som er ute for å verve, høgst sannsynleg vil bli møtt med spørsmål om LO sitt fagpolitiske samarbeid med Arbeidarpartiet.
- Då seier eg at det er vår styrke, og at det er noko vi kan nytte oss av om vi treng det, seier han.
Dessutan er det viktig å få verva nye medlemmer tidleg, og Longnes meiner NTL må vere opptekne av å få fleire studentmedlemmar.
- Vi må ut og synleggjere LO og NTL som eit alternativ til studentane. Vi har eit utruleg godt tilbod til dei, med LO favør, gratis konferansar og full støtte for studentane i deltidsjobbar.
Lykkelig som stor
Å vekse i størring er viktig for NTL, påpeikar Longnes.
- Eg blir ofte spurt kvifor vi skal vere stor når vi er lukkelege som liten. Då snakkar eg om makt og innflyting, og kor viktig det er at NTL er så stort at vi ikkje berre kan skvisast. Eg er overtydd om at pensjonsoppgjeret i fjor ville vore heilt annleis utan eit sterkt NTL, seier han.
Tre personer ble fraktet til sykehus etter at en mobil-lift veltet på Kværner Verdal.
08.02.2012 - 19:47Likestillingsnemd uten arbeidslivskontakt 08.02.2012 - 14:35
Nytt IA-verktøy for tillitsvalgte 08.02.2012 - 12:53
Betjenter slått ned 08.02.2012 - 13:16
Rører ikke pensjonen 08.02.2012 - 11:22
Intet nytt fra DHL 08.02.2012 - 10:35
Avviser NIS-skip på kysten 08.02.2012 - 07:53
Barnevernkompetanse får smekk for konsulentbruk 08.02.2012 - 13:16
Reinertsen-aksjonen er avsluttet 07.02.2012 - 15:06
Arbeidsretten i gang 07.02.2012 - 09:03
Sverre Worum (82) var første forbundsleder i Skolenes landsforbund, som ble stiftet 2. januar 1982 og i år har 30-årsjubileum. Han er fortsatt med der det skjer og er levende opptatt av forbundets liv og virke.
07.02.2012 - 10:35En bauta trer av 03.02.2012 - 11:52
Ungdomsbølge i Oslo Grafiske 02.02.2012 - 08:59
FO verver med app 07.02.2012 - 14:12
Herbjørn sparte 8000 kroner 27.01.2012 - 12:03
Så samles vi i Trondheim... 27.01.2012 - 11:04
Faglig ungdom vil på nett 30.01.2012 - 08:27
Metallsjefen blir partileder 27.01.2012 - 08:32
Fagforeningsleder skutt og drept 23.01.2012 - 10:50
Reagerer på angrep fra Postkom 24.01.2012 - 09:33
Histadrut har lenge kjempet for bedre vilkår for landets kontraktsarbeidere, men finansministeren nekter å bevilge penger til forbedringene som blir krevd.
08.02.2012 - 14:14Nekter å bøye seg for vikarmotstand 08.02.2012 - 11:03
Foreslår veto-vedtak i Bergen Ap 07.02.2012 - 15:27
Vil ha 75 år som pensjonsalder 08.02.2012 - 08:28
Frustrasjon blant ansatte 07.02.2012 - 16:08
Regjeringen vil ha mer gods på kjøl 07.02.2012 - 12:08
LO og Frp er uenige om mangt 06.02.2012 - 14:36
Tilknytning trumfer blodsbånd 07.02.2012 - 09:51
Rubalcaba vant knepent 06.02.2012 - 13:26
YS-nei til vikarbyrådirektivet 06.02.2012 - 09:54
Se hele galleriet med bilder fra norske arbeidsplasser