Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Uravstemming i lønnsoppgjeret:
Fellesforbundet-medlemmene har sagt ja til ytterlegare ni lønnsoppgjer.
Som i første runde, vart resultatet store ja-fleirtal i runde to av uravstemmingane som vart avslutta torsdag.
Dermed har Fellesforbundet-medlemmene godkjent forslaga som forhandlingsdelegasjonane har forhandla fram i ni tariffoppgjer.
Blant dei som får nye lønns- og arbeidsvilkår, er tilsette i havbruksnæringa og tiltakstilsette.
Sjå alle overeinskomstane og resultata nedst i saka.
I andre runde har totalt 3.267 Fellesforbundet-medlemmer stemt, av 4.899 med stemmerett.
Les også: I første runde fekk over 67.000 medlemmer nye lønns- og arbeidsvilkår
Leiar i tariffavdelinga til Fellesforbundet er nøgd med korleis uravstemminga vart gjennomført.
– Vi ser at det har vore eit engasjement og diskusjon rundt dei oppnådde resultata, seier Terje Samuelsen på nettsidene til forbundet.
Minst fire rundar til med avstemmingar gjenstår før tariffoppgjera er over, opplyser Fellesforbundet.
Til saman er 18 tariffoppgjer no godkjent.