Utvida sjukeløn:

No får sjølvstendig næringsdrivande meir i sjukepengar

Frå tysdag får sjølvstendig næringsdrivande utbetalt 80 prosent av lønna i sjukepengar.

Publisert Sist oppdatert

JOBB

1. oktober får sjølvstendig næringsdrivande 80 prosent av lønna i sjukepengar, mot dei tidlegare 75 prosentane, opplyser Nav. Lovendringa gjeld også dei som allereie er sjukemelde.

Det var partiet Venstre som fekk gjennomslag for endringa i revidert nasjonalbudsjett for 2019 i mai.

– I 2017 fekk sjølvstendig næringsdrivande berre 65 prosent av lønna utbetalt ved sjukdom. Vi vil ikkje at folk skal velje bort å starte si eiga verksemd på grunn av dårlege velferdsordningar. Tvert imot treng vi insentiv som gjer at fleire tar steget, sa parlamentarisk leiar Terje Breivik ifølge NTB.

p

Sjølvstendig næringsdrivande har i dag ei dårlegare sjukepengeordning enn arbeidstakarar. Sistnemnde gruppe får nemleg full lønn under sjukdom.

Det gjeld også i den såkalla arbeidsgivarperioden, dei første 16 dagane når arbeidsgivar skal utbetale sjukepengane. I denne perioden har arbeidstakarar rett på full lønn opp til ei grense på seks gangar grunnbeløpet i folketrygda. Nokre arbeidsgivarar betaler også sjukepengar for lønn over denne grensa.

Sjølvstendig næringsdrivande har ikkje rett på sjukepengar i arbeidsgivarperioden. Dei kan likevel teikne ei sjukepengeforsikring hos Nav som gir dei 80 prosent av lønna i sjukepengar dei første 16 dagane. Eit forsikringsalternativ gir også sjukepengar tilsvarande full lønn etter denne perioden.

p

Det er Nav som betaler ut sjukepengane etter 16 dagar. Dei som har næringsinntekt skal i dag betale ein skatt på 11,4 prosent av overskotet, til finansiering av folketrygda, medan vanlege arbeidstakarar betaler 8,2 prosent i tillegg til arbeidsgivaren sin avgift på opptil 14,1 prosent.

Powered by Labrador CMS