Minstelønn i USA:
Færre amerikanarar tok sitt eige liv då minstelønna gjekk opp
Auke i minstelønna minska talet sjølvmord blant dei utan høgare utdanning, viser ein ny amerikansk studie.
JOBB
For kvar dollar minstelønna auka med, minska delen som tok livet sitt med mellom 3,5 og 6 prosent. Det er funna i ein ny amerikansk studie.
Resultatet gjeld dei utan høgare utdanning mellom 18 og 64 år, og effekten er størst i periodar med høg arbeidsløyse. For dei med høgare utdanning, hadde ikkje endring i minstelønn nokon effekt på talet sjølvmord.
p
Forskarane ved Epidemiology & Community Health har undersøkt samanhengen mellom sjølvmord, minstelønn og utdanning, med utgangspunkt i tal frå nesten alle delstatar i USA i perioden mellom 1990 og 2015.
Det er kjent at økonomiske problem og arbeidsløyse har innverknad på talet sjølvmord, skriv forskarane. Men det er mindre kjent korleis ein auke i minstelønn kan bidra til å få talet ned.
Etter finanskrisa i 2009, kunne nesten 14.000 sjølvmord vore forhindra med ein minstelønnsauke på 1 dollar, ifølge forskarane. Talet er nesten 26.000 med ein auke på 2 dollar.
I heile perioden, anslår forskarane at nesten 28.000 sjølvmord kunne vore forhindra med ein lønnsauke på 1 dollar, og over 57.000 med ein auke på 2 dollar.
p
USA har ei føderal minstelønn som gjeld alle delstatar, men statane kan innføre ei høgare minstelønn. I dag har eit tredvetals delstatar gjort dette, mens eit tjuetals følger den føderale minstelønna på 7,25 dollar.
Fleire fagforeiningar og politikarar kjempar for å auke den føderale minstelønna til 15 dollar i timen.