Bygde nytt og sikkert
Den nye føderale bygningen i Oklahoma City vart bygd for å vere sikker. Tryggleikstiltaka er mange, men dei som driftar bygget trur ikkje dei tilsette opplever det som eit problem.
JOBB
Det nye føderale bygget i Oklahoma City ligg tett ved der det utbomba bygget låg og minneparken ligg i dag. Etter bombeangrepet kom det nye tryggleiksreglar for føderale bygg, og nybygget var ein av dei fyrste som tok i bruk dei nye tryggleiksstandardane.
Tryggleik viktigast
Tryggleikstiltaka er mange, både i form av vakthald og kontroll, men også bygningstekniske grep er gjort.
General Service Administration (GSA) byggjer og driftar føderale bygg i USA, og har ansvaret for nybygget saman med Homeland Security, som tek seg av tryggleikstiltaka.
Tom Hall er prosjektansvarleg i GSA, og etter at han vart frisk nok til å jobbe, deltok han i arbeidet med nybygget i Oklahoma City. Motstanden frå dei tilsette mot å bygge nytt rett ved tomta der dei hadde vore utsett for den forferdelege terroren var stor.
– Det vart sett av pengar til nybygg rett etter bombinga. Vi sa «De skal ikkje klarer å skremme oss vekk, vi skal ha vårt eige bygg». Det var mange som ikkje ville tilbake i ei føderal bygning, og heller ikkje tilbake til sentrum. Ein ting som gjorde det enklare var at avdelingar som jobba mot narkotikakriminalitet og med våpenregulering ikkje skulle vere i det nye bygget. Ein annan ting var at vi bygde ei mykje sikrare bygning no, seier han.
Likevel har det vore diskusjonar. Tilsette har blant anna kjempa for å sleppe å sitte med utsikt over minneparken der dei for 16 år sidan miste kollegar. Og det finns fleire eksempel på at tilsette nekta å flytte inn i det nye bygget.
Arbeidsmiljøsituasjonen kan vere eit problem i eit bygg som er bygd for å vere så sikkert som mogleg. Men dei ansvarlege meiner dei har teke omsyn til dette under planlegginga og bygginga. Eit moment som kan vere upraktisk, er bakgrunnssjekkar av alle som skal utføre arbeid inne i bygget. Har ein noko anti-statlege eller valdelege historier, blir det vanskeleg å sleppe inn. Tidlegare tok kontrollen opp mot tre månader, men no er handsamingstida nede i tre veker.
– Det kan vere ei ulempe for meg som skal ha arbeid utført. Om entreprenøren har ti mann klar men berre får godkjend tre av dei, stikk det kjeppar i hjula.
Akseptert
Det er departementet for Homeland Security som styrer tryggleiksarbeidet ved bygget. Inspektør Wes Roeder fortel at ein har tenkt tryggleik heilt frå planleggingsfasen, og at summen av alle små og store tiltak gjer at sårbarheita er gjort så lita som mogleg.
Han meiner også at dei tilsette og publikum har akseptert tryggleikstiltaka.
– Mentaliteten og tankegangen blant publikum har endra seg, og det har blitt ei akseptert norm at ein blir undersøkt på flyplassar og føderale bygningar, seier han.