Mållaget inviterer til LO-samarbeid

Noregs Mållag vil passe på at LO følgjer opp språkvedtak frå kongressen.

JOBB

LO-kongressen i fjor vedtok i handlingsprogrammet at LO skal arbeide for likestilling mellom bokmål og nynorsk i arbeidslivet og samfunnet for øvrig. Dette har Noregs Mållag merka seg, og landsmøtet deira vedtok samrøystes eit nytt punkt i arbeidsprogrammet for 2014-2018.

Mållaget vedtok at dei skal invitere LO til samarbeid om korleis kongressvedtaket kan følgjast opp. Mållaget vil byggje opp eit fagleg utval og nettverk for å styrke stillnga til nynorsk i arbeidslivet og i fagrørsla, spesielt i LO. Noregs Mållag vil også intensivere arbeidet med medlemsverving blant LO-medlemmer og tillitsvalde.

Powered by Labrador CMS