Dette er en sak fra
Arbeidsmanden
Vi skriver om og for arbeidsfolk i blant annet anlegg, vakt, renhold, asfalt og bergverk.
Les mer fra oss
Regjeringa kuttar og flyttar penger til «Nye Veier»
Vegvesenet er pålagt å spare 140 millionar kroner og mistar oppgåver til Nye Veier. Det fører til at 190 stillinger skal kuttast.
Konsekvenser av blant anna effektiviseringskrav og at oppgåver går til Nye Veier gjer at det skal kuttast tilsvarande 2,5 prosent av dei tilsette i Statens Vegvesen. Vegdirektoratet skal kutte rundt 36 stillinger, noko som tilsvarer rundt 3 prosent av dei tilsette. Det er ikkje klart kor kutta kjem og kva avdelinger som vil merke det.
• LO Stat: – Regjeringen angriper pensjonene til statsansatte
Kvart år er det ein naturleg avgang på rundt fem prosent i Statens Vegvesen ved pensjon eller jobbytte eksempelvis. Det gjer at både leiing og dei fagorganiserte i Forbundet for ledelse og teknikk (FLT), Norsk tjenestemannslag (NTL) og Arbeidsmandsforbundet håpar innsparinga skjer utan at nokon mistar jobben.
• Så mye fikk de ansatte i Staten og Spekter-området
Olaf Tisjø som er hovudtillitsvalgt for Arbeidsmandsforbundet meiner det er positivt at Vegdirektøren signaliserar at leiinga vil ha med fagforeningane i prosessen:
– Så langt er ikkje noko klarlagt enno. Det er ikkje bestemt kor nedskjæringane skal skje. Vegdirektøren seier dei skal prøve å unngå oppsigelser, men at dei tilsette må regne med å kunne få nye arbeidsoppgåver. Og det tenker eg at vi må kunne akseptere. Krava til nedskjæring ligge der. Dei må vi forhalde oss til. Vår viktigaste jobb er å unngå oppsigelser. Verda endrar seg, og Vegvesenet endrar seg. Det må vi akseptere, avsluttar Tisjø. Alle statlege organ er pålagt eit avbyråkratiseringskutt på 0,6 prosent av regjeringa.
• Så mye taper Akademikerne etter lønnsoppgjøret i Staten
• Følg oss på Facebook