Strid om arbeidarboliger
Bergensarane jubla for millionsiger over fagforeininga. No vert dommen anka til Høgsterett
Rettstvistane om bustadene har hagla i fleire enn ti år. I haust sa lagmannsretten sitt. Men gleda over sigeren varte ikkje lenge.
JOBB
I haust vakna rundt 100 bebuarar i Trikkebyen i Bergen til ei nyheit. Lagmannsretten gav dei fullt seier: Dei kan alle fritt selje leilegheitene dei har fått nesten gratis. Og sitte igjen med millionar dei får behalde:
– Ja, vi er kjempeheldige. Det er som å vinne i lotto. Men også som å vinne i lotto utan å kunne hente ut gevinsten, på grunn av alle rettstvistane. Det har teke over tolv år å få vinnartelefonen, seier Mariann Fossum, som bur i Trikkebyen.
Ankar til Høgsterett
Dei over 100 leilegheitene i Bergen sentrum er rekna å ha ein samla verdi på over 250 millionar kroner.
Krangelen handlar om kva Fagforbundet-foreininga Bergen sporveisfunksjonærers forening, som eig 15 prosent av bustadaksjeselskapet, har krav på.
Talsmann for foreininga, Morten Ulevik, seier dei tek saka til Høgsterett.
Ulevik ristar på hovudet av den nye domen:
– Vi er veldig overraska over Gulating lagmannsrett sin dom. Vi har heldt på med denne saka i ti år og dette er ein heilt annen dom enn i tingretten. Til og med advokaten til motparten sa i Fagbladet at han er overraska, fortel Ulevik.
Tapte 17 millionar i lagmannsretten
Fagforeininga har saksøkt Bergens Sporveisfunksjonærers byggeselskap. Eit bustadaksjeselskap som dei eig 15 prosent av – og som dei rundt 100 bebuarane eig 85 prosent av.
Dommen i tingretten slo fast at fagforeininga hadde krav på 17 millionar kroner. Men, med den nye dommen i lagmannsretten mista Bergen sporveisfunksjonærers forening alt av verdiar i Trikkebyen.
Foreininga Ulevik representerer har 270 medlemmer. Bergen sporveisfunksjonærers forening er ein del av Fagforbundet.
Saka og konflikten er den einaste i sitt slag i Norge og har gått sidan 2011.
Noko av det mest spesielle er at ingen av dei som budde i Trikkebyen visste at dei eigde leilegheitene. Alle trudde dei var leigetakarar.
Heilt til ein advokat gjorde ei juridisk gransking av finjussen. Og kom fram til at dei eigde leilegheitene.
Dommen i Gulating lagmannsrett i september slo fast at bebuarane er dei som eig leilegheitene, som fritt kan selje dei og som vil sitte igjen med verdiane.
Sidan oppstarten har dei som flytta inn betalt ein liten sum for å kunne bu i Trikkebyen.
I dei seinare åra har bebuarane betalte mellom 2000 og 10.000 kroner for å få nøklane til leilegheitene dei trudde dei leigde.
Om Høgsterett avviser anka til fagforeininga, vil bebuarane sitte igjen med leilegheiter verdt opp mot 4 millionar kroner, som dei har betalt nokre tusenlappar for.
Mariann Fossum, som har budd mange år i Trikkebyen, anerkjenner at dei er heldige.
Og samtidig at alle rettssakene har vore tøffe for bebuarane:
– Folk har levd og døydd her og ikkje vore sikre på kva dei kan gjere med leilegheitene sine. Det har vore fleire som har vore fastlåst her og som ikkje har kunne flytte eller selje grunna den låste konflikten, seier Fossum.
Kan bli endeleg avgjort til jul
Bergen sporveisfunksjonærerers forening tok initiativet til å bygge arbeidarbustadene i Trikkebyen på starten av 1900-talet.
Før jul kan det vere endeleg punktum for saka som har gått over fleire tiår. Det er venta at Høgsterett enten ser på saka eller avviser ho innan desember.
Om Høgsterett avviser anken, risikerer saksøkande Bergen sporveisfunskjonærers forening å sitte igjen med millionutgifter: Sakskostnadane til bebuarane på over 4 millionar kroner, i tillegg til sine eigne advokatutgifter.
Det vil koste foreininga dyrt, ifølgje Ulevik.
– Vi likar ikkje dei store beløpa i sakskostnader. Vi snakkar samtidig om eit tap på bortimot 25 millionar kroner på foreininga. Ut frå dommen i lagmannsretten får vi ikkje taksten på 17 millionar kroner som voldgiftsretten har funne ut at det er verdt.
– Vi er veldig overraska over utfallet etter ti år. Vi må nesten forsøke å finne ut om denne dommen er rett. Vi meiner jo at han ikkje er rett, seier Ulevik.
Ulevik fortel at dei framleis er opne for eit forlik med bebuarane:
– Vi ønsker å få betalt det voldgiftsretten har sagt at aksjane våre er verdt. Og bli ferdig med saka. Vi ønsker å bli kjøpt ut. Det er rundt 100 leilegheiter. Vår andel er verdt 17 millionar kroner. Det vil i snitt seie at kvar leilegheit må ut med 170.000 kroner, seier Ulevik.
– Vinn-vinn
Ulevik meiner om dei blir kjøpt ut, vinn alle partar:
– Eg meiner det er ingen som kjem dårleg ut av dette. Mange har betalt 2000 kroner og har fått ein gevinst på mellom 2 og opp mot 4 millionar kroner. Den dyraste leilegheita blei seld for 3,6 millionar kroner. Eigentleg er det berre vinnarar.
– Vi skulle gjerne ha blitt ferdig med ei konflikt som har vart i ti år. Det er foreininga som har bygd Trikkebyen i 1913. Utan foreininga ville aldri dette ha eksistert, seier Ulevik som er tidlegare leiar i foreininga og som har følgt saka i fleire rettsrundar.
Meiner dommen er løysinga
Trikkeby-bebuar Mariann Fossum er ikkje interessert i forlik:
– Vi er langt forbi den tida.
– Kva løysing ser du på denne saka?
– Løysinga er denne dommen som har falt.
– Foreininga tenkjer det er urettferdig at dei som eig 15 prosent sit igjen med ingen ting. Medan kvar bebuar kan sitte igjen med fleire millionar ved sal. Kva tenkjer du om det?
– Det kan opplevast som veldig urettferdig. Men det hjelp veldig lite. Det opplevast også urettferdig at foreininga vil ha 17 millionar kroner, utan å ha lagt ned ei krone, seier Fossum.
– Har lagt ut for alt
Fossum fortel at bebuarane har teke eit stort lån som dei – og ikkje fagforeininga må betale tilbake:
– Bebuarane har betalt felleskostnader og sørga for at bygga ikkje har ramla ned. Vi har betalt to millionar i året i vedlikehald. Foreininga har betalt null. Det er ikkje aksjane i bustadselskapet som har verdi, men burettane. Bebuarane har også teke opp eit lån på 60 millionar kroner for å totalrenovere Trikkebyen. Eit lån som skal betalast over felleskostnadane.