Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Rasisme
På Utøya skal Fellesforbundet-medlemmar lære seg å kjenne igjen rasisme og høgreekstremisme, og korleis ein tar til motmæle i kvardagen.
UTØYA: To av deltakarane på det første kurset er bussjåførane og ekteparet Emilia og Tor Bjarne Markussen frå Bergen. For begge er det ei sterk oppleving å vere på Utøya.
Polske Emilia har bursdag 22. juli og flytta til Norge berre nokre dagar etter det høgreekstreme terrorangrepet i 2011.
– Utøya er ei sterk kjensle inni meg, fortel ho.
Både ho og Tor Bjarne meiner dei har sett meir høgreekstremisme i kommentarfelta på nett dei siste åra. Dei meiner «koko-høgre» blomstrar.
– Vi skulle framover, men eg føler vi går bakover, forklarer Emilia.
Ekteparet jobbar i ei avdeling der bussjåførane har over tjue ulike nasjonalitetar. Ofte overhøyrer dei rasisme både på bussen og i kantina, frå passasjerar og kollegaer.
– Eg håpar å få auka kunnskap sånn at eg kan ta diskusjonen, seier Tor Bjarne.
Kurset han deltar på, er ein del av handlingsplanen mot høgreekstremisme som Fellesforbundet lanserte i fjor.
Den er eit resultat av eit vedtak på landsmøtet i 2019. Der heiter det at fagrørsla må kjempe mot ekstremismen gjennom auka kunnskap og engasjement i befolkninga.
Kampen mot høgreekstremisme er ein del av historia til fagrørsla, gjennom motstanden mot fascisme, nazisme og rasisme i Norge og verda.
Fagrørsla har framleis ei veldig viktig rolle å spele. Det meiner ansvarleg i forbundet, Vegard Grøslie Wennesland, som sjølv overlevde terrorangrepet på Utøya.
– Fagrørsla er så stor og kraftfull at vi kan kjempe mot høgreekstremisme og rasisme. Da må vi vite kva rasisme og høgreekstremisme er, og korleis vi kjempar mot.
Konsekvensane av tankegodset har i nyare tid vore terrorangrepa mot Utøya og Regjeringskvartalet i 2011, drapet på Johanne Zhangjia Ihle-Hansen og angrepet mot Al-Noor moskeen i Bærum i 2019, og drapet på Benjamin Hermansen i Oslo i 2001.
– Det er ikkje berre blaff. Kva kan vi gjere i kvardagen for å kjempe mot dette? Det begynner hos oss sjølve.
Med seg på laget har Fellesforbundet fått Utøya og Norsk Folkehjelp, som allereie har mykje kunnskap om saka. Prosjektet har fått namnet «Demokrativerkstad for fagrørsla».
Målet er å førebygge og handtere antidemokratiske haldningar og handlingar på arbeidsplassen. Det fortel prosjektleiar Julie Hole på Utøya, og avslører at fleire LO-forbund planlegg å gjennomføre kurset.
Deltakarane skal få ei fagleg oppdatering på kva rasisme og høgreekstremisme er – og reiskap for å handle i kvardagen, vere ein motstemme og tørre å seie ifrå. Det fortel organisasjonsarbeidar Anne Åsheim i Folkehjelpa.
Les også: Richard ber LO legge mer kraft i kampen mot høyreekstremismen: – Det blir for tafatt
Neste kurs blir til våren i 2023. Wennesland oppfordrar Fellesforbundet-medlemmar til å melde seg på.
Alle Magasinet snakkar med meiner det er på høg tid at fagrørsla skolerer medlemmar om rasisme og høgreekstremisme.
– Eg er glad for at kurset finst, men det er mange år for seint. Det er trist at Utøya måtte til for at folk vakna, meiner deltakar Tor Bjarne Markussen.