Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Koronapandemien
Utelivet må stenge ned nok ein gong på grunn av smitteverntiltak frå myndigheitene. Uvissa er det verste for tilsette og arbeidsgivarar.
TRONDHEIM: – Vi trudde vi var over målstreken i maratonen, men no veit vi ikkje kor målstreken er lenger, seier bartender Jan Markus Johannessen på Habitat i Trondheim.
Tysdag kveld jobba han sitt siste skift på ei god stund. Mange hadde tatt turen for ein siste øl før skjenkestoppen klokka 00 onsdag. Då den siste ølen vart servert spelte Johannessen «We'll meet again» av Vera Lynn på anlegget. Det var langt frå feststemning.
– Meir dystert, eigentleg. Det er første gong eg opplever at gjestar kjem bort til meg i baren og kondolerer, fortel han.
Baren han jobbar på har tjue kraner med såkalla craft beer frå mikrobryggeri, og ifølge Johannessen øl du ikkje får tak i andre stadar i landet. Heile forretningsmodellen er godt øl – som dei altså ikkje får lov til å servere lenger.
No har baren stengt dørene på grunn av smitteverntiltaket frå myndigheitene, og dei elleve tilsette blir permitterte.
– Dette er ikkje ein morosam måte å gå inn i jula på, seier Fellesforbundet-tillitsvald Johannessen.
For bartenderen er det tredje runde med korona-permittering sidan mars 2020.
– Eg er frustrert. Det er dei same bransjane som blir ramma gong på gong. Det er kultur, hotell og utelivet.
Det kjennest urettferdig, innrømmer han. Bransjane ramma av smitteverntiltaka er låglønnsbransjar, og for permitterte blir inntekta enda mindre. Samtidig slepp kontoryrka, ofte med høgare lønn, unna med heimekontor.
Dagpengane frå Nav utgjer 80 prosent av lønna eller mindre.
– Det er flaks at eg er seint ute med julegåvene sånn at eg kan planlegge å handle for mindre pengar, seier Johannessen.
Les også: Her er korona-ordningene som gjelder for arbeidsløse og permitterte fram til 28. februar 2022
Men det handlar ikkje berre om økonomi – å betale rekningane – for tilsette og arbeidsgivarar i utelivet.
– Ein ting er at eg får mindre pengar å leve av, men uvissa er det verste. Kor lenge varar nedstenginga? Skal eg vente eller finne meg ein annan jobb? spør Johannesen.
Stadig nye og endra smittetiltak mellom nedstengingane har også vore slitsame. Dei har betydd færre gjestar, men meir å gjere og fleire på jobb – og dermed mindre inntening.
– Bransjen er sliten. Vi var så klare for gjenopning med fullt lokale utan bordservering. Vi følte vi hadde fått hovudet over vatnet, men så blir vi dratt ned igjen etter anklane. Etter snart to år med dette her er vi slitne, sukkar bartenderen.
Hotell- og restaurant-tilsette rasar mot nedstenging og nye permitteringar: – Myndigheitene har ikkje gjort jobben sin
Johannessen er usikker på om skjenkestoppen har nokon effekt på smittespreiinga, eller om den berre er innført for å tydeleggjere alvoret.
Frå 7. desember har serveringsstadane hatt registrering av gjestar, påbod om munnbind, ein meter avstand, bordservering og skjenkestopp klokka 24.
– Eg forstår behovet for å senke smitta. Men no risikerer vi at juleborda forsvinn ut av restaurantane og inn i private heim utan tilsyn. Her har vi hatt edru menneske som passar på at gjestane sit på plassane sine, og serverer øl under forhold som hindrar smitte, poengterer han.
Les også: Hotellkjedene varslar masse-permittering. No må lønnsstøtte på plass brennkvikt, krev tillitsvalde
Mange i hotell- og restaurant-bransjen har etterlyst ei lønnsstøtte-ordning frå staten som skal hindre permitteringar. Den lar vente på seg.
Johannessen meiner støtte til lønn hadde vore ei god ordning.
– Med lønnsstøtte kunne vi haldt ope og servert pizza og brus utan å gå i underskot. Vi kunne tatt kurs i øl og ølbrygging for å yte betre sørvis når vi opnar igjen. Ein har alltid noko som kan fiksast, planleggast eller rutinar som kan utbetrast i ein bar, seier han.