PRESISJON: Du må vere tolmodig, nøyaktig og ha auge for kva som er fint, forklarer gullsmed Marit Therese Sinnes.
PRESISJON: Du må vere tolmodig, nøyaktig og ha auge for kva som er fint, forklarer gullsmed Marit Therese Sinnes.

Marit Therese har diamantar til hundretusenar mellom hendene i løpet av ein arbeidsdag

Du må vere flink med hendene for å lage diamantringar. Gjer du ein feil, kan det koste dyrt.

Publisert

Gullsmed

Lagar, reparerer og sel smykke og gjenstandar i edle metall.

Kan jobbe på verkstad, i forretningar eller i produksjonsbedrifter.

Tar sveinebrev i gullsmedfaget gjennom to år med vidaregåande skole og to år som lærling i bedrift, eller fire år vidaregåande skole.

FORUS: Hos den tradisjonsrike Sandnes-bedrifta NC Christophersen jobbar Marit Therese Sinnes inne på verkstaden. Som gullsmed lagar og reparerer ho smykke og gjenstandar i edelt metall.

– Du må ha det i hendene. Du må vere tolmodig, nøyaktig og ha auge for det, seier Sinnes om ferdigheitene ein treng i faget.

Styrer sjølv

Sjølv om Sinnes også reparerer smykke, jobbar ho mest med å gjere ferdig nye diamantringar der steinen skal fattast inn i eit ringemne. I tillegg til dei meir manuelle reiskapane, bruker ho også topp moderne hjelpemiddel som laser og graveringsmaskin.

VERKTØY: Øvst frå venstre: punsel, poleringsskive, loddeklyper, punsel, hammer, fil, lupehatt, ringmål, ringdor, løvsag. Nedst frå venstre: bivoks, tong, ringbøye-tong, avbitartong, ringklype.
VERKTØY: Øvst frå venstre: punsel, poleringsskive, loddeklyper, punsel, hammer, fil, lupehatt, ringmål, ringdor, løvsag. Nedst frå venstre: bivoks, tong, ringbøye-tong, avbitartong, ringklype.

Ho fattar inn ti til femten diamantar i løpet ein dag, avhengig av kor ferdigprodusert ringemnet er. Og ho blir ikkje lei.

– Det beste med yrket er å kunne styre mitt eige arbeid, seier gullsmeden og legg til at ho ofte har podkast på øyret.

Gullsmedskolen

For å bli gullsmed, må du først gå eitt år handverk, design og produktutvikling på vidaregåande skole. Deretter går du eitt år med gull- og sølvsmedhandverk. Til slutt har du to år læretid i ei bedrift, eller to år ekstra på skole for å kunne avslutte med sveinebrev i gullsmedfaget.

Det er ikkje mange skolar som tilbyr utdanningsprogramma, så du må vere villig til å gjere som Sinnes. Ho pakka kofferten og drog til gullsmedskolen i Setesdal før ho var lærling i NC Christophersen.

– Eg liker å bruke hendene, seier Sinnes om kvifor valet falt på akkurat dette faget.

BLING: Diamantringen må polerast sånn at den ser fin ut på fingeren.
BLING: Diamantringen må polerast sånn at den ser fin ut på fingeren.

Sjølv har ho aldri likt skole, men anbefaler uansett blivande gullsmedar å ta læretida i ei bedrift for å stå best rusta i faget.

Mindre frå botn

Sveineprøva hennar var å lage ei brosje frå idé til ferdig produkt, noko som har blitt eit sjeldnare arbeid for norske gullsmedar.

Som fleire av dei tradisjonsrike handverksfaga i Norge, blir gullsmedfaget mindre og mindre praktisert. Sidan faget krev såpass mange arbeidstimar, er det billegare å kjøpe smykke frå utlandet der lønna er lågare.

– Før lagde vi alt sjølv, men no er det meir import, fortel Sinnes som fekk sveinebrevet i 2009.

SJEF: – Det beste med yrket er å kunne styre mitt eige arbeid, seier Marit Therese Sinnes.
SJEF: – Det beste med yrket er å kunne styre mitt eige arbeid, seier Marit Therese Sinnes.

Store verdiar

Det mest spesielle med yrket er at ein jobbar med svært kostbare ting, fortel ho. I løpet av ein arbeidsdag har Sinnes diamantringar i hendene som til saman kostar fleire hundre tusen kroner. Ho viser fram ein ring med ein prislapp på 17.000 kroner.

– Slår eg feil, kan eg øydelegge diamanten, seier ho og legg til at ein må rekne med litt svinn også i gullsmedfaget.

Sinnes forsikrar om at det ikkje var dyre smykke gjorde at gullsmedfaget freista, men avslører at forlovingsringen hennar kostar meir enn bilen.

Powered by Labrador CMS