Landbruket under korona-krisa:

Nordmenn vil ikkje jobbe i landbruket. Dette vil få dei ut på åkeren, meiner tilsette i næringa

Korona-krisa viste Norge kor avhengig vi er av utanlandske arbeidarar i landbruket. Tilsette i næringa meiner minstelønnssatsane må opp for å få nordmenn på banen.

AVHENGIG AV UTENLANDSKE SESONGARBEIDARAR: Landbruket har den lågaste allmenngjorte minstelønna for ufaglærte over 18 år. Mange får meir i dagpengar. Bildet viser vietnamesiske sesongarbeidarar på ein jordbæråker i Lier, Buskerud.
AVHENGIG AV UTENLANDSKE SESONGARBEIDARAR: Landbruket har den lågaste allmenngjorte minstelønna for ufaglærte over 18 år. Mange får meir i dagpengar. Bildet viser vietnamesiske sesongarbeidarar på ein jordbæråker i Lier, Buskerud.
Publisert Sist oppdatert

JOBB

STEINKJER: – Folk må innsjå at delar av arbeidslivet er uaktuelt for nordmenn på grunn av lønna, seier Endre Lie, tidlegare avløysar og noverande avdelingsleiar for Fellesforbundet i nordlege Trøndelag.

Korona-krisa kom til landbruket rett før våronna, då regjeringa avgjorde at utlendingar skulle visast bort eller i to veker karantene når dei reiser over grensa. Denne arbeidskrafta er landbruket avhengig av.

Regjeringa har derfor bedd permitterte om å ta seg jobb i landbruket. Problemet er at mange får meir i dagpengar frå Nav enn minstelønna i bransjen på 123,15 kroner.

Polske Joanna og Pawel får jobbe i åkeren mens de er i karantene

Fellesforbundet rasar

For å gjere arbeidet meir attraktivt, har dei laga ei ordning som gjer at permitterte får halde på halvparten av dagpengane dersom dei jobbar i landbruket.

– Dermed tener permitterte nordmenn som ikkje kan jobben, meir enn kvalifiserte tilsette, poengterer Endre Lie.

Saka held fram under bildet.

LØNNA MÅ OPP: Fleire nordmenn kunne nok tenkt seg å jobbe nokre månader i landbruket som sesonghjelp, dersom det var pengar å tene. Det meiner leiar Endre Lie i Fellesforbundet avdeling 28 Steinkjer og Stjørdal Fagforening.
LØNNA MÅ OPP: Fleire nordmenn kunne nok tenkt seg å jobbe nokre månader i landbruket som sesonghjelp, dersom det var pengar å tene. Det meiner leiar Endre Lie i Fellesforbundet avdeling 28 Steinkjer og Stjørdal Fagforening.

Fellesforbundet rasa mot regjeringa si dagpenge-løysing. Arbeidsgivarane i Norsk Bondelag var positive, mens Småbrukarlaget meiner importvernet må bli sterkare og lønnsemda større, sånn at bønder og gartneri kan betale tilsette meir i lønn.

Fellesforbundets Endre Lie delar sistnemnde oppfatting.

– Vi kan betale 10 kroner meir for ei korg jordbær, men viljen til å gjere noko med lønnsnivået er for svak. I staden har arbeidsgivarane einsidig gått for utanlandsk arbeidskraft, seier han.

Botnen av statistikken

– Sesongarbeid i landbruket må vere attraktivt også for norsk ungdom, sånn det var fram til 80-talet. Då må minstelønnssatsane bli vesentleg høgare.

Satsane er forhandla fram av Fellesforbundet og NHO Mat og Drikke, i overeinskomsten for jordbruk og gartneri. Dei er også allmenngjorde, altså lovfesta sånn at dei også gjeld bedriftene som ikkje har tariffavtale. Dette gjer myndigheitene i bransjar med mange utanlandske arbeidstakarar, og fare for dumping av lønns- og arbeidsvilkår.

Landbruket har den lågaste allmenngjorde minstelønna for ufaglærte over 18 år.

Tilsette i landbruket ligg også i botn på den generelle lønnsstatistikken. Mens ein gjennomsnittleg månadslønn er 47.290 kroner, er snittlønna for mange tilsette i landbruket nærmare halvparten så stor.

Allmenngjord timelønn i Fellesforbundet sine bransjar:

allmenngjort-loenn_datawrapper

Gjennomsnittleg månadslønn for tilsette:

landbruks-loenn

Lokale forhandlingar

Løysinga for Fellesforbundet-medlemmene i landbruket, har vore å forhandle lønna lokalt. I nordlege Trøndelag har nesten alle avløysarlaga tariffavtale, og dermed rett til å forhandle lønn med dei bonde-eigde bedriftene.

– Vi må organisere, kjempe for tariffavtale og bruke forhandlingsretten, slår avdelingsleiar Endre Lie fast.

Landbruksvikar Morten Berre har jobba i næringa i tretti år. Lønna hans er godt over minstelønnssatsene i overeinskomsten, omtrent 210 kroner i timen pluss tillegg for overtid og helg.

– Sesongarbeidarane bør opp på same nivå, seier Berre som er klubbleiar i Innherred Landbrukstjenester med tjue Fellesforbundet-medlemmer.

Saka held fram under bildet.

VIKTIG JOBB: Lanbruksvikarar, avløysarar og sesonghjelpar bidrar til at vi får mat på bordet. Landbruksvikar Morten Berre må ta over gardsdrifta på kort varsel når bonden er sjuk.
VIKTIG JOBB: Lanbruksvikarar, avløysarar og sesonghjelpar bidrar til at vi får mat på bordet. Landbruksvikar Morten Berre må ta over gardsdrifta på kort varsel når bonden er sjuk.

Vanskeleg jobb

Å organisere dei hovudsakleg austeuropeiske sesongarbeidarane som kjem til nordlege Trøndelag for å plukke bær kvart år, er derimot ein vanskeleg jobb.

– Dei melder seg ikkje inn, kjenner ikkje systemet og får iallfall ikkje høyre om det frå arbeidsgivaren sin. Fellesforbundet får heller ikkje lov til å besøke dei, seier Lie.

Powered by Labrador CMS