Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Bemanningsbyrå
No håpar Seweryn Dumanski (50) på høgare lønn, fast jobb utanfor bemanningsbransjen og å føle seg som ein del av det norske samfunnet.
OSLO: Dei siste ti åra har han jobba som forskalingssnikkar for bemanningsbyrået Workshop Bemanning.
I vår slo Fellesforbundet-medlemmen til på fagforeininga sitt tilbod om norskkurs og teorikurs i betongfaget, sånn at han kan ta teorieksamen og fagprøva som såkalla praksiskandidat. Men det er ikkje berre på grunn av det norske fagbrevet han vil lære språket.
– Eg har lært litt norsk, men vil snakke meir med folk. Det blir einsamt utan vennar og djupare samtaler. Norsk språk gir deg moglegheiter i Noreg, forklarer 50-åringen – som vil finne ut om han kan bli ein del av det norske samfunnet.
Fagbrevet vil han ta for å få høgare lønn og fast jobb hos ein av entreprenørane han har vore utleigd til.
14 kroner meir per time er forskjellen på minstelønna i tariffavtala for byggfaga, med fagbrev eller svennebrev i faget. Fagbrevet handlar om verdigheit, fortel Dumanski som har fem års yrkesskole frå Polen.
– Eg vil at sjefane på byggeplassen skal respektere meg, dei ser meg berre som innleigd. Fagbrevet aukar verdien min og gjer at eg står sterkare på arbeidsmarknaden.
Neste år kan ikkje Dumanski jobbe som innleigd i hovudstaden lenger. Støre-regjeringa har nemleg varsla eit innleige-forbod på byggeplassar i Oslo-området.
Bygningsarbeidernes Fagforening i Oslo har lenge kjempa for lovendringa, og fagforeininga jobbar no med å hjelpe medlemmane i bemanningsbyråa til å få ny jobb hos entreprenørar.
Norskkurs og fagteorikurs er ein nøkkel, forklarer fagforeiningsleiar Joachim Espe.
– Det styrkar posisjonen til medlemmane i arbeidsmarknaden. Ein må lære norsk for å ta fagbrev eller svennebrev, men også for å styrke posisjonen sin som samfunnsborgar. Og vi ser at bedrifter som tilset folk, spør etter norsk språk og fagkompetanse.
Rundt 130 av medlemmane i fagforeininga jobbar i bemanningsbyrå. Fagforeininga anslår at over 20 prosent av dei 2.500 yrkesaktive medlemmane er arbeidsinnvandrarar og har behov for norskkurs.
Fagforeininga arrangerer norskkurs og fagteorikurs for tømmer, betong og røyr i samarbeid med private tilbydarar. Kursa starta i fjor haust, med nye kurs kvart semester. Og kursa er delvis finansiert av studiestipendet som deltakarane får frå LO om dei har vore medlemmar i Fellesforbundet i over eitt år. Resten dekker fagforeininga.
– Det er lang venteliste. Det er mykje arbeid med pensum etter arbeidstid, så medlemmane er motiverte, seier Espe.
Teorieksamen og fagprøva må medlemmane betale sjølv, men Espe minner om at arbeidsgivar skal ta rekninga dersom bedrifta har tariffavtale.
– Mykje av det vi gjer er eigentleg bedriftene sitt ansvar, meiner fagforeiningsleiaren.
Han seier fagforeininga no jobbar for at norsk- og fagteori-kursa skal bli ein del av bransjeprogrammet for byggebransjen – eit samarbeid mellom arbeidsgivarane, Fellesforbundet og myndigheitene. Og ein del av etter- og vidareutdannings-programmet i tariffavtala.
Annonse frå bemanningsbyrå skaper reaksjonar: – Kreativt påfunn for å sno seg rundt innleieforbudet