Skatt på personalbillett:
Ekstraskatt for kollektivtilsette kjem for brått på, meiner Ap-politikar
Ap-politikar Ingrid Heggø meiner jernbanetilsette og bussjåførar må skattleggast for reell bruk av personalbillettar, ikkje marknadspris.
JOBB
Frå neste år må tilsette i kollektivtransporten skatte av personalbillettane sine. Det er arbeidsgivarane som får ansvaret for å innrapportere og trekke skatt av billettane tilsette kan kjøpe til ein billeg penge.
Endringa i skattereglane skulle eigentleg vore innført 1. januar i år, men vart i mars utsett sju månadar. I mai kom nyheita om at regelendringa er utsett til 1. januar kommande år.
– Det viser at regjeringa ikkje har gjort forarbeidet godt nok. Det verkar som det er om å gjere å få tatt mannen i gata med nye skattereglar, seier Arbeidarpartiets skattepolitikar Ingrid Heggø.
Slik er den nye ekstraskatten for tilsette i kollektivtransporten
Reell bruk
Ifølge dei nye reglane, kan ein få personalbillettar, definert som personalrabatt og gåve, skattefritt frå arbeidsgivar til ein marknadsverdi på opptil 10.000 kroner til saman. Det overskytande beløpet skal skattleggast som lønn.
Heggø er ikkje mot skattlegginga, men reagerer på at det ifølge dei nye skattereglane skal skattast av marknadsverdien til personalbillettane. I staden meiner ho det må vera faktisk privat bruk som blir skattlagt utover den skattefrie grensa, sånn som reglane er for reise med bonuspoeng oppspart i jobben.
– Det er jo ingen som sit på buss heile tida og utnyttar frikortet maksimalt. Det må vere reelle, private reiser som blir skattlagt. Systemet må vere tillitsbasert, sånn som skattesystemet vårt er elles, meiner Heggø.
Dette kunne for eksempel vore gjort ved at tilsette registrerer reisene sine gjennom ein mobilapp, der dei kan reise gratis opp til ei grense, meiner Ap-politikaren.
Ingen marknadsverdi
Dette er ei løysing som no blir diskutert mellom Jernbanedirektoratet og jernbaneselskapa, har både Spekter og Jernbanedirektoratet stadfesta overfor FriFagbevegelse. Det var henvendingar frå nettopp arbeidsgivarorganisasjonen Spekter, som organiserer jernbaneselskapa, som førte til at skatteendringa vart utsett i mai.
Innanfor jernbane er det vanskeleg å fastslå verdien av eit fribillettar, sidan det ikkje eksisterer ein marknadspris på billettar som kan brukast fritt over heile landet. Ei utfordring er også å skille mellom tenestereiser og privat reise, sidan dei tilsette i jernbanen reiser mykje i jobben.
Skatteleggingen av bussjåførenes fribilletter er rent røveri fra regjeringens side, mener Sp-topp
Også NHO Transport, som organiserer arbeidsgivarane til bussjåførene, melder om at det er vanskeleg å finne marknadsverdien til bussjåførene sine frikort.
Frikorta har ikkje same dekning som ordinære årskort og marknadsverdien er dermed vanskeleg å fastslå. NHO har bedd medlemmene sine, saman med fylkeskommunane og administrasjonsselskapa deira, finne ei verdsetting som tilsvarer faktisk bruk av frikortet.
Høgare lønn
Fleire fagforbund innanfor bussbransjen har varsla at dei vil krevje kompensasjon for skattlegginga av frikortet i kommande lønnsoppgjer. For bussjåførane sin del gjeld dette når dei skal forhandle om bussbransjeavtalen neste år.
– Då er det feil å iverksette endringane før ein har tatt desse rundene. Når ein sit i regjering, må ein ta seg tid til å undersøke konsekvensane, seier Heggø som er medlem i finanskomiteen på Stortinget.
Ho kritiserer også regjeringa for at Stortinget ikkje har blitt godt nok orientert om endringane i skattereglane.
Finansdepartementet er ikkje einig i at dei har vore for raske på avtrekkaren, når FriFagbevegelse legg fram kritikken og orienterer om problema med å finne marknadsverdi av personalbillettane og skille mellom reiser i og utanfor jobben.
Har fått god tid
– Vi har lytta til transportnæringa som har fått utsetting av fristen, i to runder, til 1. januar 2020, nettopp for å gi næringa tida dei har bedd om til å lage gode løysingar for sine tilsette, svarer statssekretær Marianne Groth (H) i Finansdepartementet i ein e-post.
ph
Ho påpeikar at endringa vart utreda og sendt på høyring allereie i slutten av 2016. Dei nye reglane vart vedtekne i revidert nasjonalbudsjett i 2018 og transportnæringa fekk dermed over eitt og eit halvt år til å førebu seg.
– Naturalytingar som blir rapportert inn og skattlagt, gir samtidig auka rettar i folketrygda, noko som igjen betyr større utbetalingar av pensjon, sjukepenger og foreldrepengar. Folk skal ikkje motta ein stor del av lønna si i ytinger som ikkje gir dei rettar, meiner Groth.