Kutt i vern av villaks i statsbudsjettet:
Regjeringa kuttar i vern av villaks og doblar oppdretten
Regjeringa vil kutte i dei som skal drive med bevaring av villaksen og andre trua norske dyreartar: - Det grøne budsjettet er ein bløff, seier SV.
JOBB
Samtidig som regjeringa er open for å femdoble lakseoppdretten, vil regjeringa kutte i dei som jobbar med å bevare den trua villaksen. Det er foreslått kutt blant dei som driv med vern av villaks, men også dei som jobbar med bevaring av verneområder.
Dette blir ikkje godt mottatt av SV og Lars Haltbrekken:
– Dette voldsomme kuttet fører til færre som tek vare på trua planter og dyr. Det blir færre til å ta vare på villaksen og verneområda. Dette er kutt som dramatisk svekkar innsatsen for naturvernet i Norge, seier Haltbrekken og legg til:
– Regjeringa har voldsomme planer for oppdrettsproduksjon og villaksen er trua av dei miljøproblema oppdrettsnæringa ikkje har kontroll på. Det er eit behov for styrking av villaksen og ikkje svekke arbeidet slik som dette kuttet vil gjere.
• LO stat fryktar angrep på pensjonane
50 mistar jobben
Om ikkje Krf eller Venstre sett ned foten, kan opp mot 50 miste jobben i Trondheim. Haltbrekken er einstemmig innstilt som førstekandidat for SV i Sør-Trøndelag og meiner regjeringa motseier seg sjølv:
– Dette medfører kutt av arbeidsplassar i Trondheim, det er der naturvernmiljøet i direktoratet sit. Dette rimar dårleg med satsinga på fleire statlege arbeidsplassar ut av Oslo, seier den tidlegare leiaren av Naturvernforbundet og no SV-politikar.
Regjeringa vil ha eit generelt kutt på 0,5 prosent hos alle statlege innstansar. Dette tilsvarer 3 millionar i Miljøverndirektoratet. Det som er unikt for Miljøverndirektoratet er at dei skal få eit ekstra kutt på 30 millionar kroner. Det tilsvarer rundt 50 arbeidsplassar.
• Foreslår å kutte 1400 i Forsvaret i Statsbudsjettet
– Uforståeleg av Høgre og Frp
Norsk tjenestemannslag (NTL) har rundt 140 medlemmar i direktoratet i Trondheim. Kjersti Barsok er 1. nestleiar i NTL og seier dette om kuttforslaget:
– NTL reagerer på kuttet både frå eit miljø- og fagforeningsperspektiv. Mange dyktige tilsette rundt omkring i landet går utrygge tider i møte og må betale dyrt for vilkårlege kutt. Når vi veit at klima og miljø er den største utfordringa i vår tid er det uforståeleg at Høgre og Frp kuttar i det viktige arbeidet direktoratet gjer. Vi ber Venstre og KrF om å ta tak i dette, seier Barsok. Magnus Voje jobbar i Miljødirektoratet og er tillitsvalgt for NTL:
– Det er eit sjokk for dei aller fleste at kuttet blei så stort. Eg ber om at ein tenkjer over konsekvensane av kva dette vil innebære. Det er forvaltningsbiten som blir ramma, og det er litt rart i disse klimatider at ein rammar dei som er med å gjere eit tak for klima og norsk natur.
• Forslag i statsbudsjettet gjer at hundrevis kan miste jobben i Posten
Norges jeger- og fiskerforbund protesterer
Norges Jeger- og Fiskeforbund er også sterkt imot kuttet i Miljødirektoratet. Informasjonssjef Espen Farstad viser til at mange av dei norske villaksstammane slit:
– Det heng ikkje på greip at regjeringa på den eine sida proklamerer ein vekst i oppdrettsnæringa og har ein ambisjon om femdobling. Samtidig har vi ein fiskeriminister som seier at ein ikkje kan ha ein slik vekst om den ikkje er miljømessig berekraftig. Oppdrettsverksemda er ikkje berekraftig i dag. Problema med rømt oppdretslaks og lakselus er dei to største eksistensielle trusslane mot den norske villaksbestanden. Då heng det ikkje på greip å kutte i det direktoratet som har fagansvaret for dei ville laksefiskane. Det er ein klar beskjed at det er nettopp dette område som skal kuttast. Ambisjonen om vekst og samtidig berekraftig utvikling heng ikkje på greip, seier Farstad i NJFF.
Miljødirektoratet får sær-kutt
Naturvernforbundet er også kritiske til det planlagte kuttet. Dei viser til at fleie andre direktorat får meir å rutte med, blir det kutt hos dei som skal drive med naturforvaltning. På side 78 i Proposisjon til Stortinget kjem det signal om kor regjeringa vil kutte i Miljøverndirektoratet. Det står blant anna:
"Regjeringa legger stor vekt på å gjennomføre politikken på naturmangfold slik den er presentert i Meld. St.14, men det blir lagt opp til effektivisering og redusert aktivitet på enkeltområder innen naturforvaltning. Dette gjelder arbeid med verneområder, vilt (unntatt rovvilt), villaks og allerede vedtatte PA og UN".
Det kjem også fram at det skal kuttast i formidling om miljøinformasjon. Regjeringa ønskar at private i større grad skal drive med naturrettleiing, noko Statens naturoppsyn driv med i dag.