Tilsette i Forsvaret kan få firedobla husleiga når regjeringa skal spare
– Katastrofalt for familieøkonomien og mange kjem til å slutte i Forsvaret, seier tillitsvalte.
JOBB
Regjeringa vil spare pengar. Det kan føre til at husleiga i Forsvaret går frå 5000 til 20.000 i månaden.
Mange som jobbar i Forsvaret brukar militær bustad som har låg leie. Grunnen til den rimelege leiga er at dei som jobbar i Forsvaret må flytte mykje rundt frå arbeidsstad til arbeidsstad og at det blir vanskeleg å kjøpe hus.
Mads Skog jobbar som stormingeniør i Skjold i Troms:
– Seinast førre helg høyrde eg ho som er forlova med kollegaen min seie at, med desse nye kostnadane er det ikkje aktuelt å bu her. Ein av dei få godane vi har, er at vi bur relativt billig. Blir dei få godane vi har igjen fjerna, er det veldig lite ein kan bruke for å få ein sambuar til å tru på at det er verdt å bu her, seier han og legg til:
– Det er mange i troppen min, spesielt dei med familie, som seier rett ut at dei kjem til å slutte når kostnadane for å bu blir skrudd opp. Dei har ikkje økonomi til det, fortel Skog.
• Sjekk om du tener over snittet i ditt yrke
Opprørt over vesentleg dyrare leige
Forsvarsministeren ynskjer å spare inn 100 millionar kroner på at den låge leiga på militære bustader eller i kvarter skal skruast opp:
– Eg bur på kvarter, og det er ytra ønske om å også skru opp leiga for oss som bur på kvarter. For meg vil det bety at, i stadan for at eg søker på tilsetning til 60 år, ventar eg med det. Eg jobbar til eg har full bonus, etter det er mitt forhold med Forsvaret over. Eg er 33 år gamal no, det vil seie at eg jobbar i Forsvaret i to år til, fortel ingeniør Skog, som er ein av fleire tilsette i Forsvaret som er opprørte over planane om å skru opp leiga såpass mykje.
Skog har jobba i Forsvaret sidan 2005, har bakgrunn frå Telemark bataljon og har blant anna vore fire kontingentar til Afghanistan.
• Forsvaret greide ikke å spare så mye som de trodde
Tillitsvalte blei ikkje høyrd
Dei tillitsvalte i Norges Offisersforbund er kritiske til at Forsvaret bruker styringsretten for å få innsparinga igjennom og meiner at dei tillitsvalte ikkje har blitt høyrd i prosessen.
– Dette er ein uvanleg måte å gå fram på. Vi har utfordra dei til å sjå på kva konsekvensen av dette blir. Det har blitt blankt avvist. Det forundrar meg veldig, seier Staale I. Reiten, som jobbar i sekretariatet i Norges offisersforbund (NOF).
Vanskeleg å kjøpe eigen bustad
NOF-leiar Torbjørn Bongo meiner det er svært gode grunnar til at tilsette i Forsvaret skal ha tilbod om rimeleg leige:
– Det som er spesielt for vår yrkesgruppe, er at vi er underlagt beordringsplikt. Når vi er ferdig utdanna, kan vi eksempelvis få beskjed om at vi skal bu og jobbe i Kirkenes. Det kan hende du finn ut at du vil bu der og kjøpe hus. Etter to år kan ein få beskjed om at det er behov for dine tenester ein anna plass. Du skal tilbake til Garden i Oslo. Har du vore riktig uheldig, har det vore eit bustadprisfall etter at du investerte i bustad, eller du har bygd hus ein plass du normalt sett aldri får igjen utlegga til byggekostnadane - plassar som Øverbygd eller Skjold, eksempelvis, seier han og legg til:
– Etter at du flytter til Oslo må du leige ut huset du har bygd eller kjøpt. I Oslo må du ut på leigemarknaden, du har fått familie og barn, og må ha treroms. Det er ikkje billeg.
– Forsvaret sparar seg til fant
– Det er politisk bestemt at ein skal spare inn pengar og at alle må vere med og bidra?
– Min påstand er at ein sparer seg til fant. At folk vel å slutte tidleg, har ein kostnad. Jo fleire som sluttar tidleg, jo fleire må vi utdanne. Reint bedriftsøkonomisk: Pengane ein sparer, må ein bruke vesentleg meir av for å utdanne dei nye. Ein kan spare inn på insentiv, men ender opp med å bruke tilsaman meir, fordi du må utdanne mange nye. Forsvaret brukar i år 2,54 milliardar i året på utdanning. Dette prosjektet skal etter planane spare 100 millionar kroner, fortel Bongo.
Han meiner dette ikkje er sparing, men sløsing med personell:
– Fleire vil slutte. I 2014 slutta 1300 i Forsvaret. I 2015 auka dette til 1600 og i fjor var det 1774 som slutta i Forsvaret. Vi er knappe 17.000 tilsette. Vi har ein gjennomtrekk på over ti prosent i året. Blant dei under 35, er det ei utskifting på over 15 prosent årleg. Det betyr at, etter sju-åtte år, har ein bytta ut alle saman. Det er veldig dyrt for Forsvaret. Dette bidreg til å sløse med personell, meiner Bongo, leiar av NOF.
Les også
• Han er Forsvarets første imam
• Regjeringa vil sparke 1400 i Forsvaret