Byggebransjen:
Her jobbar lærlingane akkord. Det gir meir pengar i lomma
Akkordarbeid er i ferd med å forsvinne frå byggebransjen, men for desse lærlingane er det ein del av første møte med arbeidslivet.
JOBB
– Eg bur heime og har ikkje store faste utgifter. Men pengane forsvinn likevel, seier tømrarlærling på andre året, Sebastian Ersfjord Johansen (19).
Magasinet for fagorganiserte møter Johansen og betonglærling på første året, Monika Solberg Jensen (22), på Veidekke sin byggeplass i Stjørdal sentrum i Trøndelag. Der bygger dei nytt helsehus for kommunen.
Nye tall: Sjekk lærlinglønna i 44 yrker
Solberg Jensen, som er lærling gjennom vaksenordninga, eig eiga leilegheit og er i ferd med å kjøpe seg ny bil. Då kjem det bra med at lærlinglønna hennar er betre enn for dei fleste.
I Veidekke jobbar dei nemleg akkord.
Saka held fram under bildet.
Lærlinglønn
I januar kom det for første gong statistikk på kor mykje lærlingar tener i ulike yrke. Forskjellane var store.
Lærlinglønna er avtalt mellom fagforbunda og arbeidsgivarane, gjennom tariffavtalene. Over ein toårsperiode, skal ein som regel i snitt tene halvparten av ein nytilsett fagarbeidar i bedrifta.
Dersom ein fagarbeidar får høgare lønn, får altså lærlingane også eit lønnshopp.
Halvparten av læretida skal gå til opplæring og halvparten til vanleg arbeid. Men delen arbeid, i tillegg til størrelsen på prosenten av fagarbeidarlønna, aukar kvart halvår.
Aller flest lærlingar er det i bygg- og anleggsbransjen.
p
Akkordarbeid
I bransjen var akkord lenge det mest vanlege lønnssystem, men er i dag i ferd med å forsvinne, med Trøndelag som eit unntak.
Med akkordarbeid får ein betaling for ei viss mengde arbeid, fordelt på timane som er brukt. For bedrifta betyr det høgare effektivitet, og for arbeidarane høgare lønn.
– Jo meir ein yter, desto meir får ein i posen, seier tillitsvald Jon Olav Grøtte i Veidekke Bygg Trøndelag.
Tømrarane i bedrifta hadde i fjor ein gjennomsnittleg akkord på 318 kroner i timen, mens betongarbeidarane hadde 337 kroner.
– Vi er kanskje dyre i drift, men fanden så effektive vi er, slår han fast.
Saka held fram under bildet.
Meir å rutte med
Det kjem også lærlingane til gode, som får ein prosent av gjennomsnittleg akkordlønn.
For Ersfjord Johansen betyr det ei snittlønn på 159 kroner timen, mens Solberg Jensen får omtrent 169 kroner i snitt.
Det første halvåret er det bedrifta som tar rekninga, sidan lærlingane har mange opplæringstimar. Seinare er dei ein vanleg del av akkordlaget.
Å vere ein del av laget, som sjølv planlegg kva ein skal gjere og kor mykje ein skal tene, kan dessutan gi ei kjensle av medbestemming.
– Vi har ei stemme i kva som blir gjort, og blir ikkje berre peika på, seier lærling Sebastian Ersfjord Johansen.
p
Ei investering
Veidekke har no rundt tjue lærlingar i Trondheim, og lærebedrifta bruker mykje tid på å legge til rette for dei.
– Det er ei investering i bedrifta, fordi vi skal ha gode fagarbeidarar i framtida, forklarer lærlingansvarleg Christopher Falck Anderssen i Vedekke Bygg Trøndelag.
Saka held fram under bildet.
Ersfjord Johansen var utplassert i Veidekke då han vart oppfordra om å søke læreplass i bedrifta. Solberg Jensen, som tidlegare jobba som stillasarbeidar, vart oppfordra til å søke gjennom vaksenordninga.
– Dei fleste får tilbod om fast jobb etter fullført læretid, og det er kamp mellom entreprenørane om å få tak i lærlingane. Det er viktig å gjere seg attraktiv, seier Anderssen.