Bjørnar og Aleksander tapar 29.000 kroner årleg på regjeringas nye diettskatt

– Dei viser oss fingaren når dei tek frå oss halvparten av godtgjeringa, seier dei to montørane.

Aleksander Østhagen (t.h.) og Bjørnar Linnerud (t.v.) er montør og sørvisteknikarar i Stannah.
Aleksander Østhagen (t.h.) og Bjørnar Linnerud (t.v.) er montør og sørvisteknikarar i Stannah.
Publisert Sist oppdatert

JOBB

Statens reiseregulativ

Etter statens reiseregulativ får tilsette dekka utgiftar til måltid under reiser kor du er over 15 kilometer frå arbeidsplassen og vekke over 6 timar.

• For reiser som varer frå 6 timar til og med 12 timar, får ein 289 kroner i diett.

• For reiser som varer over 12 timar, får ein 537 kroner i diett.

Ein treng ikkje å dokumenter utgiftane.

Statens reiseregulativ er ein særavtale som er forhandla fram mellom Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane, men blir også brukt av ei rekke private verksemder.

Regjeringas nye diettskatt gir ein skatteauke for mange arbeidsfolk.

Skatteauken kan bli så stor som 29.000 kroner årleg for montør- og sørvisteknikarane Bjørnar Linnerud og Aleksander Østhagen.

Dei er to av dei som blir ramma av den nye diettskatten regjeringspartia Høgre og FrP kom opp med i budsjettforliket med Venstre og KrF, for å hente inn 212 millionar til statskassa. Dei er óg to av dei 500 000 skattebetalarane som fekk innberetta skattefri kostgodgjering i 2016.

• Dette er snittlønna i over 300 yrker

Reiser kvar dag

Dei reiser så godt som kvar arbeidsdag, året rundt. Arbeidsstaden er fylka Oslo og Akershus, Østfold og Hedmark, kor dei installerer og driv sørvis på heisar. Som regel ringer dei kontoret frå bilen klokka åtte og spør kor dei skal. Dei får sjeldan melding om kor dei skal arbeide tidlegare enn dagen før dei reiser.

Begge jobbar for bedriften Stannah og er medlemmer i EL og IT Forbundet.

Dei har ikkje tilgang på garderobe eller spiserom og veit ingenting om toalettforholda før dei er på plass der jobban skal gjerast.

– Vi må sitte i trappa når vi skal ete og gå på offentlege toalett, seier Bjørnar, som har sett på dietten som ei godtgjering for ein ubekvem arbeidssituasjon.

Et i trappa

Frifagbevegelse.no treffer dei i ei trapp på Sandbakken barne- og ungdomsskole i Sarpsborg, kor dei driv sørvis på ein heis. Medan dei pratar går skuleelevane ned og opp trappa, kor dei to teknikarane må ta lønsjen om dei ikkje vil sitte i bilen. Ute i skulegarden regnar det.

Fram til no har dei dagleg fått ei skattefri kostgodtgjering på 289 kroner for å vere på reise, sidan arbeidsplassen deires følger dagdiettsatsane i statens reiseregulativ.

– Det har gjort noko med motivasjonen og fått oss til å strekke oss litt lenger.

• Burde det finnes en sykmelding for sorg?

(Artikkelen held fram under bildet.)

- Vi besøker ein del heimar kor ein ikkje vil ete eller gå på do. Har du sett «Extreme Hoarders»? spør Bjørnar Linnerud (t.h), og viser til at dei sanitære forholda ikkje alltid er like bra i privatbustadane dei jobbar i. Aleksander Østhagen til venstre.
- Vi besøker ein del heimar kor ein ikkje vil ete eller gå på do. Har du sett «Extreme Hoarders»? spør Bjørnar Linnerud (t.h), og viser til at dei sanitære forholda ikkje alltid er like bra i privatbustadane dei jobbar i. Aleksander Østhagen til venstre.

Tapar 29.000 kroner

No har Bjørnar og Aleksander fått melding frå arbeidsgivarane om at diettpengane skal skattleggast med 44 prosent frå og med nyttår. Med 228 arbeidsdagar i 2018, betyr det at dei tapar nærmare 29.000 kroner i året på den nye diettskatten.

– Dei viser oss fingaren når dei tek frå oss halvparten av godtgjeringa. Det er frustrerande at politikarane bruker eit gode vi set pris på for å hente inn pengar, seier Aleksander og siktar til at skatten er ei saldering av statsbudsjettet.

Etter budsjettforliket har det vore mykje uvisse rundt korleis dietten skal skattleggast. I Skatteetatens forskotsutskriving 22. desember, kom det meir informasjon om korleis skattlegginga skjer i 2018.

I meldinga heiter det at dietten berre er skattefri når ein er på yrkesreise og har meirkostnadar til mat. Med «meirkostnadar», meiner Skatteetaten utgiftar som er større enn normale kostnadar til mat, slik som ved kjøp av mat frå kantine eller matbutikk.

• På ett punkt kan den nye diettskatten slå skeivt ut

Føreseielegheit

Føreseielegheita ved arbeidet og kor det skjer er, ifølge Skatteetaten, avgjerande for om arbeidstakarane har «meirkostnadar». Føreseielegheita er avhengig av om reisa er regelmessig eller ikkje.

Som eksempel, bruker Skatteetaten handverkarar og seljarar, som reiser regelmessig og ikkje har krav på trekkfri kostgodtgjering.

– Ja, vi kan til ein viss grad planlegge måltida våre, ta med oss matpakke og satse på å sitte i bilen. Men vi veit aldri korleis vi skal arbeide – føreseielegheita er ikkje stor, seier Bjørnar.

– Vi har sett på dei skattefrie diettpengane som ei godtgjering for ein ubekvem arbeidssituasjon. Vi sit ikkje på eit kontor, og kan ikkje hente oss ein kaffe frå kaffemaskina eller gå på eit tilsettetoalett.

– Det handlar også om hygiene. Nokre gongar er toaletta som er tilgjengeleg så ille at vi må leite etter nærmaste bensinstasjon, legg Aleksander til.

• Disse yrkene får trene i arbeidstiden

(Artikkelen held fram under bildet.)

- Vi reiser så godt som kvar dag. Det kan vere at vi ryddar på lageret eller liknande eit par dagar i året – når det er roleg, for eksempel i fellesferien, seier Bjørnar Linnerud (t.h.). Han og Aleksander Østhagen (t.v.) er montørar og sørvisteknikarar og må ofte ta lønsjen i bilen.
- Vi reiser så godt som kvar dag. Det kan vere at vi ryddar på lageret eller liknande eit par dagar i året – når det er roleg, for eksempel i fellesferien, seier Bjørnar Linnerud (t.h.). Han og Aleksander Østhagen (t.v.) er montørar og sørvisteknikarar og må ofte ta lønsjen i bilen.

Arbeidsgivar har ansvaret

Men sjølv om etaten slår fast at handverkarar og seljarar ikkje skal ha skattefri kostgodtgjering, er det arbeidsgivar som må vurdere om arbeidssituasjonen er føreutseieleg og reisene regelmessige.

– Arbeidsgivar har ansvar for å bestemme om dietten er skattepliktig eller ikkje på utbetalingstidspunktet, så arbeidsgivar og tilsette må bli einige i forkant, seier Espen Øren, rådgivar i Infotjenester. Han har granska dei nye bestemmingane om diettskatten.

– Det kjem nok til å bli ein del ulike vurderingar rundt om i Norge, spår han.

Skatteetaten har også presisert at det avgjerande for skattefritak, er regelmessigheita og ikkje hyppigheita ved reiseverksemda.

– Men ein kan framleis klage på likninga si, sånn at dietten blir gjort om til skattefri inntekt om Skatteetaten er einig i at reisa er uregelmessig, legg han til.

• Les flere saker om fagbevegelsen, arbeidsliv og politikk på vår forside

Auka løn?

Øren seier regelverket no er tilbake til sånn det var før 2015, då ein ikkje fekk diett om ein reiste regelmessig.

– Seljarane og sørvisteknikarane har fått skattefri diett i 2016 og 2017, men må no begynne å skatte igjen, seier Øren, som fortel at mange av arbeidsgivarane Infotjenester rådgir no leitar etter måtar å kompensere dei tilsette på og at nokre av arbeidsgivarane vil dekke skatten gjennom lønstillegg.

– Vi meiner det burde vore meir objektive vilkår i dei nye skattereglane. Då hadde det blitt meir likebehandling, og det hadde blitt enklare å programmere reiserekningar.

– Skal ikkje tape eller tene på reise

Finanspolitikar i FrP, Helge Andre Njåstad, poengterer at dietten berre skal dekke meirkostnaden ein har i samband med jobbreiser.

– Ingen på hybel utan kokemoglegheiter mistar frådraget, seier Helge Andre Njåstad til frifagbevegelse.no.

– Men frå nyttår blir ein skattlagt for diett etter budsjettforliket?

– Ja, men ikkje av meirkostnaden. Du blir ikkje skattlagt av dokumenterte meirkostnader ved å være på reise. Du betaler skatt av det som overgår det som du ville brukt på mat heime. Om du får dekka meir enn meirkostnadene er det ein fordel og blir rekna som løn. Då skal det skattleggast, svarer Helge Andre Njåstad.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Helge Andre Njåstad, Frp sin fraksjonsleiar i finanskomiteen.
Helge Andre Njåstad, Frp sin fraksjonsleiar i finanskomiteen.

Han poengterer at regulativet og meirkostnad er to forskjellige ting.

– Det som er utover meirkostnaden av å vere ute på reise. Er du heime må du ha mat. Er du på reise er det dyrare å kjøpe mat og det er derfor skattefritt. Men det skal ikkje løne seg, og ingen skal tape på, å vere på reise i jobb og ete utanfor heimen, presiserer Njåstad.

– Har du hatt meir i diett enn du har brukt på mat, har du hatt ein fordel som vi no har ordna opp i. Då blir det sett på som løn. Men meirkostnadane dine for at du ikkje kan spise heime, skal ikkje skattleggast, forklarer han.

Kva beløp som blir sett på som meirkostnad, er det Finansdepartementet som har fastsette.

• Nå blir det nye skatteregler for alle ansatte som mottar matpenger på reise. Se tallene her

Powered by Labrador CMS