Den svenske regjeringa godkjenner svekking av streikeretten
Torsdag godkjende den svenske regjeringa eit lovforslag om endringar i den svenske streikeretten, trass løysing på langvarig hamnekonflikt.
JOBB
No skal forslaget behandlast i Riksdagen, det svenske Stortinget, før endringane trår i kraft 1. august. Dei største arbeidstakar- og arbeidsgivarorganisasjonane står bak forslaget om denne omdiskuterte endringa i den svenske medbestemmingslova.
Lovforslaget er laga for å avgrense streikeretten for arbeidstakarar med ein arbeidsgivar som allereie har ei tariffavtale med eit fagforbund. Unntaket skal vere når formålet er å oppnå ei tariffavtale.
p
Langvarig hamnekonflikt
Bakgrunnen er ein langvarig konflikt mellom frittståande Svenska Hamnarbetarförbundet og arbeidsgivar APM Terminals på hamna i Gøteborg. På dei svenske hamnene er det LO-forbundet Svenska Transportarbetareförbundet som har tariffavtala.
Løns- og arbeidsvilkåra gjeld for medlemmene i begge forbund, men berre LO-forbundet har hatt fredsplikt mellom forhandlingane. Dermed har Hamnarbetarförbundet kunna streika og utført andre konflikthandlingar også utanfor tariffoppgjera.
Dei svenske arbeidstakarorganisasjonane LO, TCO og Saco, saman med arbeidsgivarorganisasjonen Svenskt Näringsliv, har derfor laga eit forslag til lovendring som set ein stoppar for slike konfliktar.
Den svenske arbeidsministeren, som sjølv planla ei slik lovendring, varsla raskt at ho ønskte å gjere forslaget til svensk lov. Endringane skulle eigentleg trå i kraft først komande år, men regjeringa varsla i februar at dei skulle iverksettast allereie i sommar.
p
Løysing i mars
Hamnarbetarförbundet og arbeidsgivarene i Sveriges Hamnar kom til einigheit om ei såkalla andrehandsavtale i byrjinga av mars, under trugselen om landsdekkande streik. Hamnarbetarförbundet får dermed enkelte rettar som følger av ei tariffavtale, men det er uenigheit om dei får delta i lokale forhandlingar.
Endringane i streikeretten har skapt debatt innad i forbund og foreiningar, der mange er kritisk til at arbeidstakarorganisasjonane står bak ei svekking av arbeidstakarrettar. Etter einigheita i hamnene meinte i tillegg enkelte at endringane i streikeretten ikkje var nødvendig lenger, men LO vart raskt einige om å framleis stå bak endringane.