Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Lønnsoppgjeret 2022
Ni av ti Fellesforbundet-medlemmar stemte ja til lønnsoppgjera i hotell- og restaurant-bransjen og treforedlingsindustrien.
Heile 93 prosent av Fellesforbundet-medlemmane som deltok i andre runde med uravstemmingar 19. mai, stemte ja til resultatet i årets tariffoppgjer i hotell- og restaurant-bransjen. 90 prosent av medlemmane som deltok i treforedlingsindustrien, stemte ja til sitt oppgjer. Det melder forbundet.
Medlemmane har alltid siste ord i tariffoppgjera, og no er altså desse oppgjera ferdige. Med eit nei-fleirtal måtte forbundet ha tatt ut medlemmar i streik eller gått tilbake til forhandlingsbordet.
Lønnsoppgjeret: Her er resultatet i hotell- og restaurantbransjen
Omtrent 6.600 Fellesforbundet- medlemmar hotell- og restaurant-bransjen og 1.600 medlemmar i treforedlingsindustrien jobbar i ei bedrift med tariffavtale. Dei er dermed omfatta av tariffoppgjera og hadde stemmerett i årets uravstemmingar.
Høvesvis 68 og 62 prosent av desse deltok i avstemmingane.
Det er omtrent den same deltakinga som i 2020, men langt fleire har stemt ja i år. For to år sidan var ja-prosenten 63 i hotell- og restaurantbransjen, og 85 i treforedlingsindustrien.
Ja-fleirtala var store også i den første runden med uravstemmingar 5. mai – på 79 prosent i industrien, 82 i byggebransjen og 78 i byggeindustrien.
29.000 medlemmar i industrien, 17.000 i byggebransjen og 6.500 i byggeindustrien hadde stemmerett.
Deltakinga var på høvesvis 65, 73 og 73 prosent. Både deltakinga og ja-prosenten var ganske lik som i 2020.
Les også: Stort ja-flertall i de første uravstemningene om lønnsoppgjøret
Alle Fellesforbundet-medlemmar har rett og plikt til å stemme ja eller nei i uravstemmingane dei er omfatta av, og dermed vedta eller forkaste resultata i tariffoppgjera.
Høg deltaking er nødvendig for at ei demokratisk avstemming om oppgjera skal funke.
Dersom ikkje eit fleirtal av medlemmane har stemt ja eller nei til resultatet, må to tredelar av medlemmane ha deltatt for at uravstemminga skal gjelde. Om heller ikkje det skjer, må LO-sekretariatet avgjere om resultatet i oppgjeret er vedtatt eller forkasta.
Det reknast i så fall som eit nederlag for medlemsdemokratiet.
Les også: – Om du ikkje stemmer, kan du heller ikkje klage, seier klubbleiar Karin