Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Lønn
Før har dei fått 15 øre. Årets lokale forhandlingar i Scandic-kjeden er dermed eit stort skritt i riktig retning, meiner tillitsvald.
Etter eit par veker vart årets lokale lønnsforhandlingar i Scandic-kjeden avslutta fredag.
Resultatet er 1 krone meir per time med verknad frå 1. juli 2021, til alle Scandic-tilsette omfatta av Riksavtala. Og det kjem altså oppå dei sentrale lønnstillegga på 3,25 kroner per time med verknad frå 1. april i år.
1 krone er det største lønnstillegget som har blitt gitt lokalt i dei store hotellkjedene.
Mye lest: Hva er minstelønna i Norge? Her er oversikten
– Det er ikkje fantastisk mykje pengar, men det utgjer for ein gongs skuld ein forskjell. Dette er eit veldig stort skritt i riktig retning, meiner tillitsvald Knut Fredrik Firing.
Han har representert Fellesforbundet-medlemmene i dei lokale forhandlingane i Scandic, saman med tillitsvalde Karen Leirvåg og Øivind Klingenberg Bremnes.
– Eg trur Scandic-leiinga ser verdien av å ta lokale lønnsforhandlingar på alvor, sånn at ordninga ikkje skal vere under press, seier Firing til Magasinet for fagorganiserte.
Etter at Fellesforbundet-medlemmene i 2016 streika for retten til lokale forhandlingar i hotell- og restaurantbransjen, har resultatet vore null eller ubetydelege lønnstillegg i dei store kjedene. Frustrasjonen har vore stor blant medlemmer og tillitsvalde, også etter at eit nyleg søksmål i Arbeidsretten ikkje førte fram.
Førre og første gong Scandic-tilsette fekk lønnstillegg lokalt, i 2018, var resultatet 15 øre meir per time.
Mye delt: Hva er en vanlig lønn i Norge? Dette sier tallene
HR-direktør Elin Ekrol meiner samarbeidet under årets lokale forhandlingar har vore godt.
«Det siste året har vært en svært tøff periode for bransjen og våre ansatte, og det er viktig for oss å vise at vi setter pris på dem. Vi ser den krevende situasjonen de har stått i, og den fantastiske innsatsen de har lagt ned», skriv HR-direktør Elin Ekrol i ein SMS til Magasinet.
«Resultatet av årets lokale lønnsforhandlinger viser også at vi ønsker å sikre økt rekruttering gjennom en styrket satsing på lærlinger i Scandic», legg direktøren til. (Sjå faktaboks under.)
Fått med deg denne? Dette er snittlønna i over 350 yrker