Jane har ein av dei dårlegast betalte jobbane i Norge. Dette er dei 25 yrka med lågast lønn

Bensinstasjontilsette må finne seg i å vere blant dei dårlegast betalte yrka nok eit år. Sjå oversikta.

Jane Jensen er tillitsvald på Circle K Storebaug ved Moss og meiner dei bensinstasjontilsette treng eit ordentleg lønnshopp i neste lønnsoppgjer.
Jane Jensen er tillitsvald på Circle K Storebaug ved Moss og meiner dei bensinstasjontilsette treng eit ordentleg lønnshopp i neste lønnsoppgjer.
Publisert Sist oppdatert

JOBB

Jane Jensen har jobba på bensinstasjon i snart ti år. Nok ein gong må ho konstatere at yrkesgruppa hennar er blant dei dårlegast betalte i Norge ifølge Statistisk sentralbyrås lønnsstatistikk.

Korleis er det å ha eit yrke som er blant dei minst verdsette i kroner og øre?

– Det som held oss i jobben er arbeidsmiljø og kollegaar som vi trivest godt med, men vi skulle gjerne hatt meir lønn, seier Jensen, som jobbar på Circle K Storebaug ved Moss, til FriFagbevegelse.

Dette er snittlønna i over 300 yrker

Jensen er tillitsvald og har nyleg gådd ut og etterlyst at leiinga i fagforbundet sitt løftar dei bensinstasjontilsette i komande lønnsoppgjer.

– Eg er eineforsørgar med to barn og det er ikkje så mykje luksus ein har råd til i kvardagen, seier ho.

Dette var månadslønna i dei 25 dårlegast betalte yrka i fjor:

1 Hjelpearbeidarar i husdyrproduksjon

26.020 kroner

2 Intervjuarar

26.510 kroner

3 Hjelpearbeidarar i nyttevekstproduksjon

26.590 kroner

4 Hjelpearbeidarar i kombinasjonsbruk

27.080 kroner

5 Gatekjøkken- og kafémedarbeidarar mv.

27.940 kroner

6 Plante- og husdyrprodusentar (kombinasjonsbruk)

28.090 kroner

7 Bartendarar

28.420 kroner

8 Servitørar

28.610 kroner

9 Kjøkkenassistentar

28.980 kroner

10 Sørvismedarbeidarar (bensinstasjon)

29.310 kroner

11 Melke- og husdyrprodusentar

29.460 kroner

12 Hotellresepsjonistar

29.550 kroner

p

13 Dyrepassarar og -trenarar mv.

30.220 kroner

14 Varepåfyllarar

30.240 kroner

15 Frisørar

30.290 kroner

16 Hjelpearbeidarar i gartneri mv.

30.330 kroner

17 Bingovertar, bookmakarar mv.

30.570 kroner

18 Reinhaldarar i private heimar

30.570 kroner

19 Andre handverkarar

30.590 kroner

20 Gartnarar

31.350 kroner

21 Renseri- og vaskerimaskinoperatørar

31.380 kroner

22 Bilvaskarar

31.500 kroner

23 Dyrepleiarar

31.570 kroner

24 Reiseleiarar og guidar

31.580 kroner

25 Butikkmedarbeidarar

31.590 kroner

Månadslønna i denne oversikta omfattar avtalt lønn, uregelmessige tillegg og bonus, men ikkje overtidstillegg. Det kan vere store lønnsforskjellar i dei ulike yrka.

FriFagbevegelse skreiv i februar om at dei ti prosentane med lågast lønn, ikkje har hatt lønnsvekst på dei siste ti åra. Kvifor er det slik at dei same yrka ligg på botnen av lista år etter år?

Grunnen er at det ikke er mange nok som har fagorganisert seg, skal vi tru leiar Knut Bodding i LOs forhandlingsavdeling.

– Vi løftar dei lågtlønna sånn at dei ikkje skal henge etter, men vi veit at det ikkje alltid hjelper. Mange er ikkje organisert, jobbar berre tidvis i yrka og har dermed dårleg forhandlingskraft, seier Bodding til FriFagbevegelse.

Han meiner likevel det hadde stått enda dårlegare til dersom LO ikkje hadde forhandla fram eit ekstra lønnstillegg til dei lågtlønna. Årets låglønnstillegg er 2 kroner per time eller 3.900 kroner i året for dei som er omfatta av dei aktuelle tariffavtalene.

p

I tillegg finst det lovfesta minstelønn i ei rekke bransjar der det er spesielt mykje arbeidsinnvandring, blant anna for hotellresepsjonistar og gartnarar som er på lista over dei 25 dårlegast betalte yrka. Minstelønnssatsane i tariffavtalene er såkalla allmenngjort og gjeld alle uansett om dei har tariffavtale eller ei.

Likevel er det mange arbeidsgivarar som bryt reglane i bransjar der det er få fagorganiserte og tillitsvalde til å passe på. LOs sommarpatrulje fann i år brot på minstelønnssatsane i over 2 prosent av bedriftene dei besøkte og heile 16 prosent i serveringsbransjen.

Her kan du søke i lønna for over 300 yrke:

Powered by Labrador CMS