Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Rumenske Adrian Dumitrescu organiserte kollegaene i bemanningsbyrået, fekk sparken og vann fram i retten. No har sveisaren fått ny jobb på Aker Stord og drøymer om å hente kona og ungane til Norge.
Adrian Dumitrescu organiserte kollegaene sine i bemanningsbyrået Offshore Support Nord i 2018.
Han hadde vore utleigd til eit selskap i Danmark, der dei tilsette var fagorganiserte, og tok med seg kunnskapen tilbake til Stord og dei rumenske kollegaene som var utleigde til Oma Båtbyggeri.
Fellesforbundet-klubben fekk på plass tariffavtale i bemanningsbyrået og gjennomslag for kravet om gratis flybillettar heim til Romania.
Så fekk klubbleiaren sparken i 2020. Det var eit forsøk på fagforeiningsknusing, meinte Adrian Dumitrescu, Fellesforbundet og LO. Dei tok saka til retten og vann fram på alle punkt i 2021.
– Eg gjorde det for kollegaene mine og andre arbeidsinnvandrarar i Norge. Eg ville vise at vi ikkje finn oss i kva som helst, seier han halvanna år etter at dommen falt.
Gjennom tvangsinndriving fekk Dumitrescu til slutt pengane han skulle ha i oppreising og erstatning, men vart forsøkt permittert frå jobben og forhindra frå å komme tilbake i arbeid på Oma Båtbyggeri.
Han er enno ikkje ordentleg på fote, fortel Dumitrescu. Han har framleis gjeld igjen å betale frå da han under rettssaka gjekk utan arbeid og inntekt i Romania.
– Men eg ville gjort det igjen. Eg er ikkje ein egoistisk person.
Han håpar organiseringa i bemanningsbyrået og rettssaka har gjort ein forskjell i norsk arbeidsliv. Han håpar kampen hans også har bidratt til innstramminga i innleige-reglane som er på veg frå regjeringa.
– Ver sterke saman og kjemp for rettane dokker, men kjenn rettane dokker først, er meldinga hans til andre arbeidsinnvandrarar.
Bakgrunn:
• Adrian organiserte sine rumenske kollegaer og sørget for tariffavtale. Så ble han sagt opp
• Sjefen var lei av Adrian, sa ham opp og skyldte på skulking
• Full seier til oppsagt klubbleder Adrian Dumitrescu
I fjor haust fekk rumenaren ein telefon frå Fellesforbundet-klubben og deretter bedriftsleiinga på verftet Aker Solutions Stord, som lurte på om Dumitrescu var interessert i jobb.
I januar reiste han til Norge for å ta sveisar-sertifiseringa han trong, og i mars hadde han flytta tilbake til Stord og var på plass i ny jobb.
– Eg har det bra. Eg var litt redd da eg starta for kva som skjedde om eg gjorde noko feil, og eg kjente ikkje kollegaane mine. Men eg har gjort jobben. Og eg har mange utviklingsmoglegheiter her på Aker. Einaste minus er at eg ikkje snakkar norsk.
No konsentrerer 35-åringen seg om sveisarjobben. Inntil vidare har han lagt tillitsvalthjelmen på hylla.
– Eg er lei av å slåst. Det vart for mykje.
Han jobbar skift og mest mogleg overtid for å få avspasering han kan bruke på å reise heim til familien. Han har også tatt offshore-kurs og håpar på turar med rotasjonsarbeid sånn at han opparbeider meir samanhengande fritid.
Heime saman med familien i Romania har han ikkje vore sidan i sommar, da han tok ut sommarferie utan feriepengar.
– Den yngste sonen min spør «når kjem du? Når kjem du?», seier han vemodig og forklarer at han skal heim seks dagar i oktober.
Dumtrescu har to gutar på 5 og 9 år. Han ringer heim til kona og borna tre gongar om dagen: i kaffipausen, i lunsjen og på video etter jobb. Og så blir det gjerne ein telefon for å seie god natt.
I helgene er telefonen på heile dagen. Resten av fritida går med til PC-spel i hybelen han leiger frå Aker, å sjå på Youtube og gå tur.
Sånn har kvardagen vore sidan han reiste utanlands for å jobbe i 2011, før han gifta seg og fekk sitt første barn.
– Det er ikkje artig. Eg får ikkje sjå utviklinga til borna og svare på spørsmål. Dei har så mange spørsmål om verda. Men eg må ofre litt for å gi dei eit betre liv. Eg kunne jobba i Romania og overlevd, men ikkje hatt den bilen vi har og gass til oppvarming.
– Alt er for familien min, for eit betre liv og moglegheiter for barna.
Målet er å hente familien til Norge – å tene opp nok pengar til å leige ei leilegheit, kjøpe ny bil og flybillettar til familien. Han reknar med at han må spare opp tretti-førti tusen kroner etter at gjelda er betalt.
Planen er også å lære seg norsk for å kunne ta fagbrev som sveisar. Da blir lønna høgare.
– Eg drøymer om å leve eit anstendig liv, ikkje om å bli rik. Det meiner eg ikkje er å forlange for mykje.
Mye lest: 150 fast ansatte tvinges til å bli sesongarbeidere: - Helt uhørt