Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
No har Høgsterett avgjort ein årelang tipskrangel. Det kan få konsekvensar for mange tilsette i hotell- og restaurantbransjen.
Ni Fellesforbundet-medlemmar på Hotel Bristol og 14 Parat-medlemmar på Hotel Plaza i Oslo vann fram i landets øvste domstol.
Dei saksøkte arbeidsgivarane sine i 2020 for å trekke eigne kostnader til arbeidsgivaravgift og administrasjon frå tipsen (26,5 prosent på Bristol og 30,8 på Plaza), og med krav om erstatning.
Ein einstemmig Høgsterett gir dei hotelltilsette medhald, etter at arbeidsgivarane anka dommen frå lagmannsretten.
Høgsterett slår i dommen fast at arbeidstakarane har eit rettskrav på å få tipsen utbetalt frå arbeidsgivaren – og at det ikkje er innanfor styringsretten til arbeidsgivarane å trekke kostnader til arbeidsgivaravgift og administrasjon frå tipsen.
Bakgrunnen er at arbeidsgivarane frå 2019 fekk ansvar for å melde pengane inn til skattemyndigheitene, trekke forskotsskatt og betale arbeidsgivaravgift av tipsen.
Fellesforbundet og LO var i utgangspunktet positive til at tipsen no er ein del av grunnlaget for sjukepengar, pensjon og dagpengar frå arbeidsgivarane og Nav.
Men da NHO Reiseliv anbefalte medlemsbedriftene å velte dei nye kostnadene sine til arbeidsgivaravgift og administrasjon over på dei tilsette, kalla Fellesforbundet det tjuveri.
Arbeidsgivarane trekker i tillegg frå feriepengar og pensjonsinnbetaling, i tillegg til forskottsskatt, men det har ikkje vore eit spørsmål i retten.
Blant dei som følgde anbefalinga, var Thon Hotels- og Radisson-kjeda som høvesvis Bristol og Plaza er ein del av.
Over 260 medlemsbedrifter i NHO Reiseliv har innført trekk i tipsen, ifølge ei undersøking NHO gjorde i 2021. Det var over halvparten av dei som svarte.
Høgsterettsdommen kan dermed få konsekvensar for mange i hotell- og restaurantbransjen – og kan no bli grunnlaget for fleire erstatningskrav frå tilsette overfor arbeidsgivarar.
– Alt i alt set Høgsterett alt på riktig plass, kommenterer LO-advokat Håkon Angell overfor Magasinet, som førte saka for dei Bristol-tilsette og partshjelpar Fellesforbundet.
Han gratulerer forbundet som ville ta saka vidare gjennom domstolane.
– Vi er kjempeglade. Dette har vore ei lang og vond sak for mange i bransjen, og no har vi fått svaret, seier forbundssekretær Clas Delp til Magasinet.
Stemninga er dårlegare i NHO Reiseliv, som var partshjelpar for Bristol og Plaza.
– Vi er overraska og skuffa over dommen, seier direktør for arbeidslivspolitikk, Magne Kristensen, til Magasinet
Men det er framleis sånn at arbeidsgivar har styringsrett når det gjeld å fordele tips mellom tilsette, påpeikar han og viser til den såkalla Theatercafedommen til Høgsterett i 2008.
Om den ferske avgjerda, seier han:
– Vi skal studere dommen nøye og får komme tilbake til kva konsekvensar dette får.
Konsekvensen kan bli at arbeidsgivarane vel å forby tips, meiner advokat Jan Fougner, som i Høgsterett førte saka for Bristol og Plaza.
«Om Høyesteretts dom blir en seier for de ansatte er derfor usikkert. Jeg har ment at dagens løsning var et fornuftig kompromiss. Stilt overfor en beslutning om å nekte tips er det ikke usannsynlig at dagens ordning likevel blir resultatet mange steder», skriv han i ein SMS til Magasinet.
At konsekvensen blir forbod mot tips, trudde ikkje LO-advokat Angell da Magasinet snakka med han i fjor.
Ein vesentleg fordel med tips-ordninga for arbeidsgivarane er at den dempar press på lønna for å rekruttere og halde på tilsette, argumenterte han.
Tips er mest vanleg i låglønnsyrke, påpeika han.