Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Lønnsoppgjeret
Fellesforbundet braut den frivillige meklinga med BNL. Dersom dei ikkje blir einig i den tvungne meklinga, går medlemmene ut i streik måndag.
Onsdag begjærte Fellesforbundet brot i den frivillige meklinga med NHO-foreininga Byggenæringens Landsforening (BNL) om endringar i Fellesovereinskomsten for byggfaga.
Riksmeklaren har no kalla inn partane til tvungen mekling.
Dersom dei ikkje blir einige innan fristen midnatt natt til måndag, tar forbundet medlemmene sine ut i streik.
Samleside: Vi følger lønnsoppgjøret - her får du de siste nyhetene
Det såkalla varselet om plassfråtreding omfattar nærmare 17.000 medlemmer i over 900 bedrifter i BNL eller med direkteavtale.
Her kan du sjå heile streikeuttaket:
streikeuttak byggfaga
Allereie ein dag etter at dei starta opp 6. august, braut Fellesforbundet forhandlingane. Heller ikkje med hjelp frå meklaren har dei komme til semje med arbeidsgivarane.
– Det er ikkje så mykje meir å seie anna enn at vi treng å komme inn i ein meir aktiv fase, det skjer ikkje mykje i den frivillige meklinga, seier forbundssekretær og forhandlingsleiar Per Skau til Magasinet for fagorganiserte.
Fekk du med deg denne? Lønnsoppgjeret i byggebransjen: Dette står striden om
Då Fellesforbundet braut forhandlingane, sa han til Magasinet at det verka som BNL ikkje hadde reelle forhandlingsfullmakter frå NHO.
– Vi ventar på kva som skjer i frontfaget, sidan vi har dei same krava. Det har ikkje vore rørsle sidan vi braut forhandlingane, vi har berre hatt nokre samtaler, seier forhandlingsleiaren no.
Frontfaget, lønnsoppgjeret i industrien, har frist natt til fredag. I begge oppgjera har forbundet valt å ta ut nesten alle medlemmer på overeinskomstane i ein eventuell streik.
– Kor stor er sjansen for streik i år?
– Det er alltid fare for streik. Vi er nøydd til å få eit resultat vi kan anbefale og som våre medlemmer vil stemme ja til. Der finst det ei smertegrense, svarer Skau.
Les også: Desse industriarbeidarane kan bli tatt ut i streik fredag
– Vi konstanterer at Fellesforbundet har begjært meklinga avslutta. Vi er under meklers administrasjon, så eg har ikkje kommentarar utover det, seier forhandlingsleiar Siri Bergh i BNL til Magasinet.