Fotball-VM i Qatar:

Bygningsarbeidarar i Oslo og Bergen krev boikott av fotball-VM i Qatar

Vi hadde aldri akseptert at det var like mange arbeidsinnvandrarar i Norge som vart sendt heim i kiste, meiner byggforeiningane i Bergen og Oslo.

Jorge Dahl, leiar for Unionen Fagforeining i Bergen, trur ikkje moglegheita for dialog og påverknad forsvinn sjølv om Norge boikottar fotball-VM.
Jorge Dahl, leiar for Unionen Fagforeining i Bergen, trur ikkje moglegheita for dialog og påverknad forsvinn sjølv om Norge boikottar fotball-VM.
Publisert Sist oppdatert

JOBB

Norges Fotballforbund bør boikotte Qatar-VM neste år, oppfordrar Bygningsarbeidernes Fagforening i Oslo og Unionen Fagforening i Bergen i ei felles fråsegn.

Bakgrunnen er boikott-diskusjonen som har oppstått etter at avisa The Guardian avslørte at minst 6500 arbeidsinnvandrarar har døydd i Qatar etter at landet i 2010 fekk fotball-VM.

Seinare har ei rekke fotballklubbar og supportarar, først Tromsø og sist Rosenborg, kravd at Norge boikottar verdsmeisterskapet.

Debatt: «Qatarisering av arbeidslivet»

– Sendt heim i kiste

– Vi hadde aldri akseptert at det var ein like stor prosentdel av arbeidsinnvandrarar i Norge som vart sendt heim i kiste, heiter det i fråsegna.

– Sjølv verdas mest populære idrett er ikkje verd alle dei tapte liva som er direkte forårsaka av dei elendige leve- og arbeidsforholda til arbeidarane. Fagrørsla står for solidaritet med arbeidskameratar kor enn dei held til. Rettferd må gå framfor prestisje og profitt, heiter det.

Etter tildelinga av fotball-VM, har Qatar samarbeida med ILO om å betre forholda, og FN-organisasjonen har oppretta kontor i landet. Myndigheitene har blant anna endra det kritiserte kafala-systemet der arbeidsgivar har full kontroll over livet til arbeidsinnvandrarane som utgjer rundt 95 prosent av arbeidsstyrken.

Oljerike Qatar har derimot ikkje gitt arbeidsfolk rett til å organisere seg, og byggforeiningane i Fellesforbundet meiner forholda er langt frå gode nok.

Flaut, mener LO: Nå henger Norge etter Qatar på å straffe arbeidsgivere for lønnstyveri

Oppfordrar Fellesforbundet

I fråsegna oppfordrar dei Fellesforbundet og LO til å jobbe for boikott, i lys av dei nye tala over døde arbeidarar i Qatar.

– Vi registrerer det menneskerettsorganisasjonar og andre framfører om forholda i Qatar. Sjølv om alle dødsfall ikkje er direkte knytt til arbeidsulykker, er veldig mange knytt til farlege buforhold og farlege levevilkår, seier Jorge Dahl, leiar for Unionen Fagforeining i Bergen.

Jorge Dahl trur ikkje moglegheita for dialog og påverknad forsvinn sjølv om Norge boikottar fotball-VM.

– Eg trur boikott set enda sterkare søkelys på forholda i Qatar. Det er ikkje sånn at internasjonal fagrørsle vil slutte å presse på for betre vilkår om vi går for boikott. Det var det same som vi høyrde om Sør-Afrika, men boikott var heilt nødvendig.

– Eg synest rett og slett Qatar ikkje fortener å ha dette VM-et, avsluttar han.

Se bildene: Norske verneombud inspiserte to VM-anlegg i Qatar

Powered by Labrador CMS