Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Permittert:
Sju av ti permitterte Fellesforbundet-medlemmer seier dei slit med økonomien.
Det viser ei undersøking forbundet har gjennomført blant permitterte medlemmer i månadsskiftet mai/juni.
Dei største gruppene er tilsette innanfor hotell, restaurant og catering; industri; flybransjen; transport og bilbransjen.
Fekk du med deg denne? Bedrifta brukte innleigde då tilsette var permitterte: – Heilt forkasteleg
Til saman svarer to tredjedelar at dei har vore permittert i 10 veker eller meir etter at dei mest omfattande koronatiltaka vart innført 12. mars.
Berre 15 prosent av desse medlemmene har fått dagpengar frå Nav for heile perioden.
– Undersøkinga viser både omfanget og kor dramatisk situasjonen er også innanfor det organiserte arbeidslivet, seier Line Eldring, leiar for samfunnspolitisk avdeling i Fellesforbundet, til Magasinet for fagorganiserte.
Talet veker med dagpengar for dei som har vore permittert i 10 veker eller meir:
talet veker
Heile sju av ti permitterte svarer at det er vanskeleg å få endane til å møtast med inntekta dei har hatt. Aller vanskelegast er situasjonen for tilsette innanfor hotell, restaurant og catering
Spørsmål: Kor lett eller vanskeleg er det for deg «å få endane til å møtast» med inntekta du så langt har hatt som permittert?
talet veker
Nesten kvar femte permitterte Fellesforbundet-medlem er dessutan usikker på om dei kjem tilbake i jobb. Medlemmene i flybransjen er mest pessimistisk.
Spørsmål: Kva trur du om framtidsutsiktene for bedrifta di og jobben du er permittert frå?
talet veker
– Det store bildet er at veldig mange trur dei ikkje kjem tilbake på jobb før 1. september, og mange fryktar arbeidsløyse over lang tid, seier Line Eldring i Fellesforbundet.