Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Minstelønn:
Frå 1. juli har alle som jobbar i desse bransjane nye lovfesta lønns- og arbeidsvilkår. I år blir lønns-hoppet ekstra stort.
På grunn av tariffoppgjera som vart koronautsette frå mars til august i fjor, vart den såkalla allmenngjeringa (sjå faktaboks) av delar av tariffavtalene også forseinka.
Dei nye lovfesta lønns- og arbeidsvilkåra skulle eigentleg bli vedtatt av den såkalla tariffnemnda i mars i år, men på grunn av gravferda til LO-leiaren vart møtet utsette til 10. og 11. mai. Nemnda valde derfor å justere opp satsane etter årets tariffoppgjer i same slengen, noko dei gjer etter lønnsoppgjeret mellom hovudoppgjera.
Bakgrunn: Derfor kjem auken i den lovfesta minstelønna seinare enn normalt
Dermed blir årets hopp i minstelønna ekstra stort for arbeidstakarar som ikkje har tariffavtale på jobben. Minstelønna for ein faglært bygningsarbeidar aukar for eksempel med 10,30 kroner i timen.
• Artykuł po polsku: W Norwegii płace minimalne dotyczą dziewięciu branży
• Straipsnis lietuvių kalba: Minimalų darbo užmokestį Norvegijoje yra nustačiusios devynios pramonės šakos
• Article in English: These are the current minimum wages within nine industries in Norway
FriFagbevegelse har gått gjennom dei nye forskriftene. Dette har du krav på om du jobbar i ein av bransjane:
Minst 196,04 kroner per time. Under 18 år: 146,27 kroner. Tillegg for arbeid mellom klokka 21.00 og 06.00: 27 kroner per time.
Fagarbeidarar: Minst 220 kroner per time. Ufaglærte utan bransjeerfaring: 198,30 kroner. Ufaglærte med minst eitt års bransjeerfaring: 206,50 kroner. Under 18 år: 132,90 kroner.
Faglærte som utfører fagarbeid: Minst 225,15 kroner per time. Andre: 196,47 kroner. Tillegg for toskiftarbeid: 38,28 kroner per time. Treskiftarbeid: 61,47 kroner.
Stor oversikt: Dette er snittlønna i over 350 yrker
Fagarbeidarar: Minst 205,55 kroner per time. Produksjonsarbeidarar: 193,55 kroner.
Under 18 år: Minst 164,44 kroner per time. Over 17 år som har arbeidd 12 veker i bedrifta: Same lønn som over 18 år.
Skoleungdom skal halde på lønnsansiennitet frå det eine året til neste. Opparbeidd lønnsansiennitet gjeld også når du har nådd 18 år.
Tillegg for toskiftsarbeid: Minst 41,11 kroner per time. Treskiftsarbeid: 51,39 kroner.
Minst 185,50 kroner per time.
Ferie- og innhaustingshjelp under 18 år: Minst 109,40 kroner per time. Over 18 år og tilsett inntil 12 veker: 129,40 kroner. Over 18 år og tilsett mellom 12 til 24 veker: 134,90 kroner. Over 18 år og tilsett meir enn 24 veker: 149,30 kroner.
Fast tilsette ufaglærte: Minst 149,30 kroner per time. Under 18 år: 118,90 kroner.
Med i lønnsansienniteten, skal all relevant praksis eller utdanning innanfor gartneri, hagebruk og landbruk, eller annan praksis eller utdanning som har betydning for stillinga.
Tillegg for fagarbeidarar: Minst 13 kroner per time.
Tillegg for røktarar og avløysarar i fast turnus på laurdagar, søndagar, jul- og nyttårsaftan, bevegelege heilagdagar og 1. og 17. mai: 25 prosent per time.
Praktikantar: Minst 104,51 kroner per time.
Refusjon av for eksempel reiseutgifter, kost og losji skal ikkje reknast som lønn.
Arbeidsmiljølova, ferielova og lova om 1. og 17. mai er omfatta av forskrifta.
Kim Tomas har en av Norges dårligst betalte jobber: – Lønna gjør noe med stoltheten vår
16 år: Minst 114,08 kroner per time. 17 år: 123,58 kroner. 18 år: 137,84 kroner.
Begynnarlønn over 20 år, eller over 18 år etter fire månader praksis: Minst 175,47 kroner per time.
Fråtrekk i lønn på grunn av innkvartering i bedrifta, for enkeltrom: 582,16 kroner per månad. Dobbeltrom: 378,64 kroner.
Fagarbeidarar: Minst 189,39 kroner per time. Spesialarbeidarar: 180,87 kroner. Hjelpearbeidar: 172,44 kroner.
Tillegg for fagarbeidar på arbeidsoppdrag med overnatting: Minst 37,88 kroner per time. Spesialarbeidar: 36,17 kroner. Hjelpearbeidar: 34,49 kroner.
Tillegg for andre skift ved toskiftarbeid (36,5 timar per veke): Minst 20,10 kroner per time. Etter klokka 14.00 på laurdagar og dagar før heilagdagar: 42,96 kroner. Frå klokka 14.00 på jul-, nyttårs-, påske- og pinseaftan: 61,58 kroner. Etter klokka 24.00: 30,84 kroner.
Tillegg for andre skift ved treskiftarbeid (35,5 timar per veke): Minst 20,72 kroner per time. Tredje skift: 32,57 kroner. Etter klokka 14.00 på laurdagar og dagar før heilagdagar: 44,20 kroner. Frå klokka 14.00 på jul-, nyttårs-, påske- og pinseaftan: 63,32 kroner.
Tillegg for andre skift ved heilkontinuerleg treskiftarbeid (33,6 timar per veke): Minst 21,96 kroner per time. Tredje skift: 32,57 kroner. Etter klokka 14.00 på laurdagar og dagar før heilagdagar: 46,67 kroner. Frå klokka 14.00 på jul-, nyttårs-, påske- og pinseaftan: 66,91 kroner.
Tillegg for overtid: Minst 94,70 kroner per time. Overtid mellom klokka 21.00 og klokka 06.00, på søndagar og heilagdagar: 189,39 kroner.
Minst 174,12 kroner per time.
Les også: Hotell-toppane tener nesten ti gongar så mykje som ein tilsett
Dei som jobbar i skips- og verftsindustrien har dessutan eigne reglar for arbeidstid. Den skal ikkje vere lengre enn 37,5 timar per veke. For skiftarbeid gjeld: 36,5 timar i snitt per veke for toskiftordning, 35,5 timar for treskiftordning og 33,6 timar for heilkontinuerleg skift.
Dersom du blir sendt på arbeidsoppdrag med overnatting i skips- og verftsindustrien, skal arbeidsgivaren din dekke reiseutgifter i Norge. Arbeidsgivar skal også sørge for eller dekke kost og losji.
I elektrofaga, på byggeplassane og i reinhaldsbedriftene, gjeld det same for alle reiser utanfor heimen med overnatting.
Ved persontransport med turbil, skal arbeidsgivaren din sørge for eller dekke kost og losji.
Ved godstransport på veg med overnatting, skal arbeidsgivar betale ut diett tilsvarande den skattefrie satsen. Ein tredjedel av diettsatsen skal utbetalast per påbegynte åttande time.
Dei som jobbar i skips- og verftsindustrien, på reinhaldsbedriftene og byggeplassane, har dessutan krav på arbeidsklede og sko som er tilpassa arbeidet, arbeidsplassen og årstida.
Les også: Gjennomsnittsdirektøren har nå passert en million kroner i årslønn
PS. Hugs at reglane er eit golv! Dersom du er omfatta av ei avtale eller andre reglar som gir deg betre lønns- og arbeidsvilkår, gjeld reglane som gir deg best vilkår.
Kjelde: Nye forskrifter om delvis allmenngjering i ni bransjar