Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Krav om minstelønn
Staten meinte krav om minstelønn for å få skjenkebevilling er ulovleg. No kan tre sørlandskommunar ha funne ei ny løysing.
– Vi er spente på om nokon køyrer ein lovlegskapskontroll hos Statsforvaltaren, for dette er ein floke som mange kommunar har slite med, seier kommunestyrerepresentant for Raudt i Risør, Andrew Windtwood, til Magasinet for fagorganiserte.
I slutten av april fekk han fleirtal i kommunestyret for denne formuleringa i den alkoholpolitiske planen til kommunen:
«Bevillingssøker skal i søknadsprosessen redegjøre for om serveringsstedet betaler sine ansatte etter tariff. Redegjørelsen vil være ein del av grunnlaget for kommunens skjønnsutøvelse ved behandling av bevillingssøknad etter alkoholloven § 1-7a.»
Bakgrunnen er ein lovlegskapskontroll av eit vedtak i Horten kommune, om at «det settes krav om avlønning etter minstelønn av virksomheter med serveringsbevilling».
Vedtaket er ulovleg, konkluderte Statsforvaltaren i Agder i fjor.
Statsforvaltaren kunne «ikke se at det er adgang til å stille vilkår om krav til minstelønn for de ansatte hverken etter serveringsloven eller etter alkoholloven».
Hovudgrunnen var at vedtaket «ikke oppfyller saklighetskravet om at dette vilkåret vil bidra til å begrense tilgjengeligheten og skadevirkningene av alkoholholdig drikk som er lovens hovedformål».
I blant anna overnatting-, servering- og cateringverksemder er minstelønna i tariffavtala såkalla allmenngjort. Altså: Det er ulovleg for arbeidsgivarar å betale tilsette mindre.
Ei rekke norske kommunar har vedtatt krav om å betale tilsette denne minstelønna, knytt til skjenkebevilling.
Les meir: Staten stoppar krav om minstelønn for å ha skjenkebevilling
– Eg er heilt einig med Statsforvaltaren i at det ikkje er eit lovleg vedtak, det var derfor vi ønska å finne ei anna løysing, seier Windtwood i Risør.
Formuleringa i vedtaket i Risør er henta frå eit forslag om universell utforming knytt til skjenkebevilling, som vart vedtatt på same kommunestyremøte. Tilrettelegging for folk med funksjonsnedsetting er lovfesta gjennom likestillings- og diskrimineringslova, og Windtwood seier den politiske sekretæren i kommunen jobba med same problemstilling som i vedtaka om minstelønn knytt til skjenkebevilling.
– Det er ikkje i seg sjølv eit vilkår for å få skjenkebevilling, det opnar ikkje lova for. Men det kan inngå i den heilskaplege skjønnsvurderinga.
– Dette handlar om næringsomsyn og omdømmeomsyn for kommunen. Det handlar om at vi ikkje ønsker at useriøse nyetablerte skal konkurrere med seriøse etablerte, og at vi vil ha eit rettferdig og seriøst arbeidsliv i kommunen.
– Det er vel heller ikkje noko som står i vegen for at kommunen tipsar Arbeidstilsynet dersom ein serveringsstad ikkje kan dokumentere lovleg lønn?
– Nei, absolutt ikkje.
Windtwood har også hatt kontakt med ordførar Marianne Landaas i nabokommunen Tvedestrand, som i fjor fremma eit forslag om minst allmenngjort tarifflønn eller tariffavtale for å ha skjenkebevilling.
– Enkelte vil kanskje seie at vedtaket vårt er veikare, men da må ein gå inn for å endre alkohollova, meiner Windtwood i Risør.
– Vi kallar dette Risør-modellen, og håpar fleire kommunar følger etter.
Allereie har dei to sørlandskommunane Tvedestrand og Kristiansand følgt etter.
Begge har hatt utfordringar etter lovlegskapsvurderinga av vedtaket i Horten.
10. mai fatta kommunestyret i Tvedestrand eit einslydande vedtak som i Risør, etter forslag frå ordførar Marianne Landaas i Høgre og varaordførar Vidar Holmsen Engh i Arbeidarpartiet.
I fjor haust behandla formannskapet i Tvedestrand eit forslag om å «innføre et krav til skjenkesteder med kommunal skjenkebevilgning at bedriften skal betale de ansatte minst allmengjort tarifflønn, eller ha tariffavtale med de ansatte, for å inneha kommunal skjenkebevilgning og at brudd på dette kan på selvstendig grunnlag medføre at bevilgningen trekkes tilbake». Behandlinga i kommunestyret i Tvedestrand vart derimot sette på vent etter at Statsforvaltaren i Agder kontakta kommunen, og viste til lovlegskapskontrollen av vedtaket i Horten.
18. mai følgde bystyret i Kristiansand på med same vedtak som i Risør, etter forslag frå Ap, SV og Raudt.
Vedtaket i Kristiansand erstattar punktet i den alkoholpolitiske handlingsplanen, om at «det stilles som krav at det betales minst allmenngjort tarifflønn i alle virksomheter som tildeles skjenkebevilling». Den gamle formuleringa vart vedteken i 2020, og administrasjonen foreslo no at bystyret fjerna punktet etter lovlegskapsvurderinga av vedtaket i Horten.
Også i Arendal skal forslaget frå Risør opp i kommunestyret, fremma av representanten Jonny Ingebrigtsen i Raudt.