Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Opnar du ei bok, står det som regel Type-it i den. Bedrifta er stolt over at dei klarer å halde førtrykksprosessen i Norge.
TRONDHEIM: Mens trykkinga av norske bøker blir gjort i lågkostland, er det stort sett førtrykksbedrifta Type-it AS som plasserer teksten og bilda. Trondheims-bedrifta sørger for at iallfall prosessen før trykking blir i landet.
Dei tilsette set oppunder 4.000 titlar i løpet av eit år, ifølge bedrifta, som deretter blir sendt vidare til trykkpressene. Mange av dei blir også publisert som e-bøker.
– Vi er hoffleverandørar til norske forlag, som grovt rekna er 80 prosent av marknaden. I tillegg leverer vi eit vesentleg tal titlar til Sverige, Danmark, Finland og England. Vi må ha låge prisar og stort volum for å konkurrere, forklarer dagleg leiar Christian Aalberg.
I tillegg til å plassere tekst og bilde manuelt side for side, bruker dei ein eigenutvikla teknologi som automatiserer delar av prosessen: nærmare bestemt eit xml-orientert ombrekkingssystem med mange konverteringsmoglegheiter, som det heiter på fagspråket.
– Det unike ved bedrifta er samspelet mellom tung fagleg kompetanse på teknologi og design. Ein suksessfaktor er også godt arbeidsmiljø og takhøgd, seier Aalberg.
Bedrifta var opphavleg arbeidarstyrt, av seks tilsette som i 2003 slutta på det no nedlagde Aktietrykkeriet i Trondheim. Seinare har fleire komme til.
Dei fleste har vore innom Aktietrykkeriet og har lang erfaring frå den grafiske bransjen. Det gjeld også klubbleiar Tore Thrana som tok fagbrevet i 1990, før Internett-alderen.
– Reisa har vore lang, og yrket har blitt mykje meir digitalt og komplekst. Vi må henge med i utviklinga, seier han.
Det får dei til. Iallfall om vi skal skode suksessen på kontorlokalet som er ein historisk teglsteinsomn på ærverdige Bakklandet, med utsikt til Nidarosdomen frå kontorpulten.
– Vi er stolte av at vi klarer å halde førtrykksprosessen i Norge. Gjennom arbeidet vårt med litteraturen, forvaltar vi på mange måtar den norske kulturarven. Det opplever vi som ekstra motiverande og meiningsfylt, seier Aalberg.