Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Lønnsoppgjeret 2022
Tilsette med erfaring får eit ekstra stort lønnshopp. Tillitsvalde meiner årets lønnsoppgjer er eit steg på vegen til ein meir attraktiv hotell- og restaurantbransjen.
TRONDHEIM: På Scandic Nidelven var 51 Fellesforbundet-medlemmar klare til å streike frå søndag, om ikkje forbundet og arbeidsgivarane i NHO Reiseliv vart einige om årets tariffoppgjer i hotell- og restaurantbransjen.
Hotelltilsett og tillitsvald Gjøran Stensønes er nøgd med lønnsoppgjeret.
– Det ser bra ut i mine auge. Lønnsløft er viktig for folk. Vi har gått i null og minus dei siste åra, seier han, og legg til at kollegaene han har snakka med har gitt positiv respons.
På Scandic Nidelven har tilsette vore permitterte, og halvparten av staben har blitt nedbemanna under koronaen.
– Vi hadde ikkje lyst til å streike no, men var klare for å ta fighten for lønna.
Minstelønna aukar no med 9,51 kroner i timen for dei med fire år eller meir praksis i bransjen, og 4,73 kroner for dei med mindre ansiennitet. Beløpa gjeld dei med skiftarbeid og 35,5 timars veke, som dei fleste i bransjen jobbar. Auken er litt mindre med 37,5 timars veke.
Dette er ein del av forslaget som no går til uravstemming, med anbefaling om å stemme ja frå forhandlingsutvalet til Fellesforbundet.
Lønnsoppgjøret forklart: Slik bestemmes den nye lønna di
– Dette er eit lønnsoppgjer vi kan leve med.
Det er meldinga frå Fellesforbundet-avdelingane i Trondheim og Bergen der flesteparten av medlemmane måtte ha streika i første omgang.
– Dette er eit steg i riktig retning for å gjere bransjen attraktiv, meiner fagforeiningsleiar Børge Ånesen i Trondheim.
– Det er akseptabelt etter to år med pandemi, meiner fagforeiningsleiar Djevat Hisenaj i Bergen.
Fagforeiningsleiarane trekker fram at dei med erfaring i bransjen blir prioritert, og får eit ekstra hopp i minstelønna. Mange i bransjen går på minstelønna, og mange har høg ansiennitet blant dei som er igjen etter koronaen.
– Vi har gjort det vanskelegare å slutte i bransjen, men må også gjere det attraktivt å begynne, seier Ånesen.
Høgare lønn er avgjerande i den hardt korona-ramma låglønnsbransjen akkurat no, meiner Stensønes på Scandic Nidelven:
– Vi har blødd folk under pandemien. Permitterte og nedbemanna tilsette har oppdaga ein arbeidsmarknad med betre betalte jobbar, og dei kjem ikkje tilbake. Lønna må opp både for å rekruttere, men også for å halde på dei tilsette.
– Dette lønnsoppgjeret var eit vinn eller forsvinn for heile bransjen, men er berre starten. Vi må ha fleire like gode oppgjer for å gjere bransjen attraktiv, meiner Ånesen.
Hisenaj forklarer:
– Vi har tapt kampen mot andre bransjar om den beste arbeidskrafta. Skal bransjen klare å behalde kompetanse og god arbeidskraft må lønna kraftig opp i nærmaste framtid. Elles blir det umogleg å rekruttere ungdom, og vi risikerer ein hopp på- og hopp av-bransje. Vi har i mange år drive bransjen med billig arbeidskraft, og det er ikkje berekraftig for framtida. Stoltheita og stabiliteten må tilbake til bransjen. Folk må ha ei lønn å leve av.
Denne skaper debatt: Etter 25 år som hotellarbeider har Carolina fått nok av bransjen
Tariffoppgjeret er ikkje over enno, for medlemmane har alltid siste ord. 19. mai skal 6.500 Fellesforbundet-medlemmar omfatta av Riksavtala, seie sitt i uravstemminga. Om fleirtalet stemmer nei, blir det streik.