Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Lønna i Nordic Choice, Scandic og Thon Hotels:
Toppsjefane i låglønnsbransjen får framleis millionar i lønn.
Årsrekneskapane til dei største hotellkjedene viser korleis koronakrisa har påverka lønningane på toppen, i eit år der hotella måtte stenge dørene og dei tilsette vart permittert eller sagt opp.
For dei tilsette i låglønnsbransjen betydde permitteringane og oppseiingane mellom 62,4 og 80 prosent av lønna i dagpengar frå Nav.
Framleis tener dei norske hotell-toppane millionar. Berre direktørstillinga i Scandic har gått ned like mykje i lønn som dei tilsette har i inntekt, og sjefen i Thon går opp i lønn.
Hotelltilsette: – Vi har aldri tent så dårleg i forhold til resten av samfunnet
I Thon Hotels fekk konserndirektør Morten Thorvaldsen eit hopp på fem prosent – omtrent 182.000 kroner – i lønn og godtgjering i koronaåret.
I lønn fekk han over 3,3 millionar kroner og nærmare 436.000 kroner i godtgjering, samanlikna med i overkant av 3,1 millionar og nær 433.000 i normalåret 2019. Han rykkar opp til å vere den nest best betalte hotell-toppen.
Thon har førebels ikkje svart på førespurnaden vår om ein kommentar.
Saka held fram under bildet.
Konsernsjef Torgeir Silseth i Nordic Choice Hotels er den best betalte hotell-toppen. Han fekk ein nedgang i lønn og godtgjering på sju prosent i 2020.
I lønn fekk han i overkant av 5,4 millionar kroner og 406.000 i godtgjering, mot over 5,8 millionar og 444.000 året før.
– Då bransjen vår i fjor vart kasta inn i den største krisa reiselivet har opplevd, valde konsernleiinga å gå ned i lønn som eit ledd i handteringa, kommenterer Silseth til Magasinet for fagorganiserte.
Saka held fram under bildet.
Sjef-stillinga i Scandic Hotels Norge fekk det største lønns-kuttet i 2020. Administrerande direktør Asle Prestegard fekk ein nedgang i lønn, pensjon og godtgjering på heile 45,5 prosent, samanlikna med Svein Arild Steen-Mevold som var toppsjef i 2019.
I lønn fekk Prestegard litt over 2 millionar kroner, 81.000 i pensjon og 209.000 i godtgjering. Året før fekk Steen-Mevold til samanlikning nærmare 3 millionar i lønn, 151.000 i pensjon og nesten 1,2 millionar i godtgjering.
Scandic seier til Magasinet at dei ikkje ønsker å kommentere lønna og godtgjeringa til direktøren.
Mykje lest: Dette er snittlønna i over 350 yrker
Hotell- og restaurantbransjen er ein låglønnsbransje.
Snittlønna i bransjen var 393.600 kroner i 2020, rekna om til heiltid, ifølge Teknisk Berekningsutval. Det er ein auke på 1,7 prosent frå 2019. Lønna utgjer berre 78 prosent av industriarbeidarlønna på 506.600 kroner.
Dermed er det framleis langt opp til toppsjef-lønna for dei hotelltilsette på golvet.