Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Leiinga skal ha trua med å forby tips dersom dei tillitsvalde ikkje går med på framtidige trekk.
I april vann hotelltilsette på Bristol og Plaza i Oslo ei prinsipiell høgsterettssak om trekk i tipsen.
Dommen slår fast at arbeidstakarane har rett på å få tipsen utbetalt, og at arbeidsgivarane ikkje kan trekke frå pengar til arbeidsgivaravgift og administrasjonskostnader.
Trekka i Radisson utgjorde 24,1 prosent av tipsen.
Dei konserntillitsvalde for Fellesforbundet tok kjapt kontakt med Radisson-leiinga for å undersøke etterbetaling av tipsen. Lønnskrava skal sendast inn på kvart enkelt hotell, skal konsernleiinga ha bestemt. Dei konserntillitsvalde oppfordra i starten av juni alle tillitsvalde om å sende inn lønnskrav for medlemmane.
Rundt to millionar kroner anslår dei konserntillitsvalde at dei ulovlege tips-trekka utgjer i Radisson etter at dei vart innført 1. januar 2019.
No skal dei konserntillitsvalde ha fått beskjed frå Radisson-leiinga om at hotellkonsernet ikkje vil etterbetale alle dei ulovlege tips-trekka.
Radisson vil berre etterbetale tre år tilbake i tid frå lønnskravet er mottatt.
Eit halvanna år med ulovlege trekk i tipsen blir dermed ikkje etterbetalt.
Det fortel avtroppande leiar Jan Roger Ulvang i konsernutvalet for dei tillitsvalde, påtroppande leiar Chris Fauske-Grinde og avtroppande konserntillitsvalt Sidsel Brantsæter.
Magasinet for fagorganiserte har prøvd fleire gongar å få kontakt med Radisson-leiinga utan å få svar.
Leiinga skal ha sagt at dei forheld seg til foreldingslova der fristen er tre år.
Det til trass for at dei tillitsvalde protesterte mot trekka frå første stund. Tillitsvalde og leiinga teikna ueinigheitsprotokollar i februar/mars 2019, ifølge dei konserntillitsvalde. Det skjedde både sentralt i konsernet og lokalt på fleire hotell.
Så har tips-saka gjennom fleire år gått sin gang gjennom tingretten, lagmannsretten og Høgsterett.
– Tilsette i Radisson føler seg lurt av leiinga, seier Ulvang.
– Dette skaper misnøye.
Leiinga skal dessutan ha bedd dei konserntillitsvalde om forhandlingar om ei avtale som gjer at Radisson kan trekke pengar til arbeidsgivaravgift frå tipsen.
Dei har trua med å forby tips dersom dei konserntillitsvalde ikkje går med på avtala, hevdar dei konserntillitsvalde.
– Om dei gjer alvor og forbyr tips, vil saka sannsynlegvis hamne i ei ny runde i rettssystemet og kan bli veldig kostbar i form av både erstatning og andre kostnader for konsernet. Derfor oppfordrar vi som konserntillitsvalde til ikkje å innføre dette, seier Fauske-Grinde.
Ulvang legg til:
– Om dei forbyr tips, trur eg at Radisson blir enda mindre attraktiv på jobbmarknaden, og at dei vil øydelegge ryktet sitt i Norge.
Spesielt restaurantkokkar, bartenderar og servitørar får mykje tips, fortel dei konserntillitsvalde.
Verken i hotellkonserna Strawberry (tidlegare Nordic Choice Hotels), Thon Hotels eller Scandic Hotels er spørsmålet om etterbetaling av tips avklart enno, oppgir dei konserntillitsvalde der.