Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Går du i nærbutikken, er sjansen stor for at hyller, diskar og anna innreiing er laga av Fellesforbundet-medlemmer i Stadsbygda.
FOSEN: – Det er artig å gå i butikken og sjå sluttresultatet og kor fint det blir, seier klubb-leiar Espen Schjølberg når han viser oss rundt i den svære produksjonshallen med avdelingar for stål, tre og overflatebehandling – og over 80 tilsette i produksjonen.
Itab Industrier i Stadsbygd på Fosen i Trøndelag lager nemleg innreiing til norske daglegvarebutikkar, apotek, faghandel og klesbutikkar. Akkurat kor stor marknadsdelen er, vil ikkje industribedrifta avsløre – men den er svært stor.
Fabrikken ved Trondheimsfjorden har gått ut av 2021 med rekordstor omsetnad, sjølv om nær dobla stålprisar er ein strek i rekninga. Hausten 2020 var også «ekstremt bra». Grunnen er at butikkane har auka salet i eit elles korona-stengt Norge, og dermed bygd nye butikkar og bytta innreiing.
– Det spesielle er at vi er konkurransedyktige mot austeuropeiske lågkostland, fortel dagleg leiar Benjamin Schei.
– Vi er ei stor bedrift, men vi kastar oss rundt som ei lita bedrift. Fleksibilitet har vore ein viktig suksessfaktor, seier han og forklarer at dei har ei avdeling på huset som utviklar produkta saman med kundane.
Fabrikken heiv seg for eksempel rundt i mars 2020. I rasande fart utvikla og produserte Itab korona-skjermar i pleksiglas som heng i vaierar mellom butikk-tilsette og mogleg smitteberande kundar. Påska 2020 sende dei ut ferdige produkt. Smittevern-produkta, som inkluderer stativ til antibac, utgjer riktig nok berre eit par prosent av produksjonen.
– Men det er viktig å hjelpe kundane.
– Vi har fylt på med maskinar, auka kompetansen og klart å henge med som bedrift, trekker Schei fram som ein annan grunn til suksess.
I produksjonen har dei maskiner og robotar som freser trevarer, kuttar og knekk stålplater og lakkerer produkta.
Her jobbar møbelsnikkarar, platearbeidarar, sveisarar, overflatebehandlarar og lager- og logistikkarbeidarar – og ti ufaglærte tar fagbrev i jobb.
Plasseringa midt i Norge er ein tredje fordel i konkurransen med austeuropearane når det gjeld transporten av varene ut til norske butikkar.
– Vi blir målt på miljøfotavtrykk, og frå Trondheim blir mykje sendt med tog. Miljø er viktig for kundane våre, og dei stiller fleire og fleire krav.
Fabrikksjefen trekker til slutt fram «ein lojal arbeidsstokk og eit unikt samhald» i hjørnesteinsbedrifta. Kulturen for organisering står sterkt, og nesten alle i produksjonen er med i Fellesforbundet-klubben.
– Vi er som ein stor familie, seier klubbleiar Schjølberg om arbeidsmiljøet og trekker fram den daglege «skitpraten» som ein trivselsfaktor.
Klubbleiaren har dessutan ekte familie på jobben; mora jobbar som overflatebehandlar og faren som sveisar.
Sånn er det i ei hjørnesteinsbedrift.