Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Lønnsoppgjeret og TBU:
Arbeidstakarane og arbeidsgivarane i industrien vil ha plassar ved bordet når grunnlaget for lønnsoppgjera blir lagt.
Fellesforbundet og Norsk Industri forhandlar i det såkalla frontfagsoppgjeret som legg føringar for alle andre lønnsoppgjer i Norge. Men LO-forbundet og NHO-landsforeininga er ikkje representert i det statlege utvalet TBU som legg talgrunnlaget for norske lønnsoppgjer. (Sjå faktaboks.)
I eit brev sendt til TBU 5. august fremmar Fellesforbundet og Norsk Industri tre krav:
• Dei ber om plassar i utvalet.
• Dei vil at rapporten i større grad vektlegg kva som har vore årslønnsveksten innanfor frontfaget.
• Og den endelege rapporten må vere på plass før 8. mars når frontfagsoppgjeret startar.
Kva er eigentleg frontfagsmodellen? Her får du svar
TBU kjem kvart år med ein førebels rapport i februar, mens den endelege rapporten ikkje kjem før i slutten av mars.
«Slik vi har opplevd det de siste årene, har TBU foretatt nye vurderinger som endrer premissene under forhandlingene. Dette forstyrrer forhandlingene på en negativ måte», heiter det i brevet underteikna Jørn Eggum og Stein Lier-Hansen.
«Tallene fra TBU må på en entydig måte få frem hva som ble det endelige resultatet fra frontfagsforhandlingene foregående år», skriv dei vidare.
Bakgrunnen skal vere vårens kritikk mot praktiseringa av frontfagsmodellen, frå Unio, Sjukepleiarforbundet og Utdanningsforbundet. Før årets oppgjer peika dei på at lønnsveksten i industrien var over 2 prosent etter fjorårets lokale lønnsforhandlingar, altså over ramma på 1,7 prosent i frontfagsoppgjeret. Samtidig hadde sjukepleiarane og lærarane i større grad fått lønnsvekst i tråd med frontfagsramma.
Lønnsoppgjøret forklart: Hvordan kan 2,25 kroner i timen bli 2,7 prosent?
Fellesforbundet og Norsk Industri trekker derimot fram at lønnsveksten er anslått til 1,7 prosent i sjølve frontfaget, Verkstaddelen i Industriovereinskomsten.
«Denne utydeligheten har som kjent bidratt til at det skapes usikkerhet om modellens bærekraft», skriv dei i brevet til TBU.
På grunn av erfaringane frå tidlegare oppgjer, ber Fellesforbundet og Norsk Industri om plassar i utvalet frå hausten av.
«Sammensetning av TBU må gjenspeile frontfagets sentrale posisjon for den norske lønnsdannelsen. Det er ikke tilstrekkelig at samfunnsøkonomene i hovedorganisasjonene er representert. Det må også de reelle partene være. Dette vil styrke koblingen mellom frontfaget og TBUs viktige arbeid før kommende hovedoppgjør», skriv dei.
TBU-leiar og SSB-sjef Geir Axelsen seier til Magasinet at utvalet ønsker å levere eit best mogleg talmessig bakgrunnsmateriale som møter behovet til forhandlingspartane. Utvalet har hatt eit møte om saka, og skal vurdere grundig korleis førespurnaden skal følgast opp.
Samansettinga av TBU er opp til Arbeids- og sosialdepartementet. Departementet vil ikkje seie til Magasinet kva svaret på ønsket frå Fellesforbundet og Norsk Industri kjem til å bli.
Vanskelege ord og uttrykk? Sjekk Tariffleksikonet