Nytt om folk:

Stian Sagvold er ny klubbleiar på tradisjonsrike Aker Verdal: – Eg ser nytta i fagrørsla kvar dag

– Eg ser nytta i fagrørsla kvar dag i alt eg gjer, seier den nyvalte klubbleiaren.

Publisert

JOBB

Namn: Stian Sagvold

Aktuell med: Ny leiar for Verkstedklubben Aker Verdal

Alder: 37

I slutten av mai vart den tidlegare nestleiaren valt som ny leiar i den tradisjonsrike Verkstedklubben Aker Verdal. Det skjedde på eit ekstraordinært årsmøte etter at Ståle Johansen vart valt som konserntillitsvald i Aker.

– Han gir frå seg ein klubb som fungerer godt. Det er sånn vi skal bygge klubbane, sånn at enkeltpersonar ikkje er uerstattelege. Men eg kjem til å kjenne på at vi mistar tyngde og erfaring. Ståle har vore eit forbilde for meg. Heldigvis er han berre ein telefon unna, seier Sagvold.

Stillasbyggaren seier han er audmjuk og takksam for tilliten frå dei 435 medlemmane i klubben.

Sagvold er frå før leiar i Innherred Fagforening i Fellesforbundet, og sit i forbundsstyret. Han vedgår at det no blir mykje ansvar til saman, og seier han ikkje stiller til attval som avdelingsleiar neste år.

37-åringen er gift og har to born. Han er glad i jakt, men elles er det éin ting som gjeld.

– Eg bruker store delar av fritida mi på fagforeiningsarbeid, det betyr mykje for meg. Eg har sett viktigheita av fagforeininga, utan hadde det ikkje vore verft i Verdalen. Eg ser nytta i fagrørsla kvar dag i alt eg gjer.

– Hjartesaka mi er å bygge fagforeininga nedanfrå og opp. Klubben er like sterk som det svakaste medlemmen, seier han.

Store delar av slekta hans har jobba på verftet i Verdal. Sagvold er tredjegenerasjons industriarbeidar, med ein far og farfar som også hadde forskjellige verv på verftet.

– Sterke meiningar ligg i slekta, ler han.

Sagvold er medlem i Ap.

– Men eg er frykteleg langt til venstre i Arbeidarpartiet, understrekar han.

Powered by Labrador CMS