Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Aker og Kaefer Energy:
Her er støtteerklæringane som får Norsk Industri-sjefen til å steile.
Tillitsvald Atle Forfang Rostad fekk i november ei skriftleg åtvaring frå arbeidsgivaren Kaefer Energy, noko som er det nærmaste ein tilsett kjem oppseiing.
Fellesforbundet-klubben meiner åtvaringa er gjengjelding for at Rostad er ein aktiv og dyktig tillitsvald som blant anna har stukke seg fram i kampen mot ulovleg innleige.
Før jul rykka administrerande direktør Stein Lier-Hansen i Norsk Industri ut til medlemsbedrifta sitt forsvar.
Han hevdar tillitsvalde i andre bedrifter «nærmest truer med boikottaksjoner» mot Kaefer.
«Dette vil Norsk Industri advare mot. Den type boikottaksjoner er i strid med norsk lovgiving og kan ikke aksepteres», skriv Stein Lier-Hansen i ein epost til Magasinet for fagorganiserte og legg til at arbeidsgivarforeininga følger saka nøye.
Bakgrunn: Norsk Industri-sjefen gå r i strupen på bedriftsklubb og fagforeining
Bakgrunnen er blant anna ein uttalelse frå LO i Aker ASA, etter kva Magasinet forstår.
LO organiserer 4.500 tilsette i Aker-selskapa – gjennom Fellesforbundet, FLT, Handel og Kontor, Industri Energi og EL og IT.
I uttalelsen krev LO i Aker ASA at saka i Kaefer blir løyst utan sanksjonar.
«Om ikkje vil me vurdere å ta opp saka med dei av våre selskap som nyttar Kaefer som underleverandør. Selskap som i plassen for konstruktiv dialog og samarbeid rettar usaklige angrep på tillitsvalde har ingen plass i våre leverandørkjeder.»
Etter utspelet frå Norsk Industri har også LO-klubbane i Aker Solutions – på vegner av sine 3.500 medlemmer – gjentatt meldinga frå LO i Aker ASA gjennom ein eigen uttalelse.
Aksjonerte: Kaefer prøver å bli kvitt brysom tillitsvalgt, mener aksjonister
Konserntillitsvald Atle Tranøy i Aker ASA lar seg ikkje skremme av åtvaringa frå Stein Lier-Hansen.
– Vi står ved vår støtte og det vi har sagt. Om det er nokon som opptrer uproporsjonalt i denne saka, er det openbert bedrifta, seier Tranøy til Magasinet.
– Om Stein Lier-Hansen er opptatt av å forsvare norske arbeidslivsstandardar, burde inngangen vore ein heilt annan enn å gå ut på denne måten. Han burde heller tatt eit konstruktivt initiativ for å finne ei minneleg løysing.
Tranøy meiner selskapa sjølvsagt står fritt til å velje underleverandørar.
– Det er brei einigheit i Aker om at ein skal stille seriøsitetskrav til underleverandørar og innleigeselskap. Det er vesentlege kriterium som går fram i styrande dokument, forklarer han.
Også Fellesforbundet-klubben på Aker Verdal har i eit brev til Kaefer Energy, kravd at kampanjen mot Atle Forfang Rostad blir lagt død. Klubben har 430 medlemmer på verftet i Trøndelag.
«Verkstedklubben Kværner Verdal vil ikke sitte stille i båten og se på dette forsøket på fagforeningsknusing. Hvis Kaefer Energy fortsatt ønsker å være en del av det useriøse arbeidslivet så vil vi gjøre det vi kan for å påvirke vårt selskap til å unngå fremtidig samarbeid med dem», skriv klubbleiar Ståle K. Johansen.
Han lar seg heller ikkje skremme av åtvaringa frå Norsk Industri-sjefen.
– Verkstadklubben står ved vår støtte til klubben i Kaefer og Rostad. Det er ingen tvil. Dette er eit angrep på ein aktiv tillitsvald som gjer jobben sin, seier Johansen til Magasinet.
– Det er overraskande at Stein Lier-Hansen går til frontalangrep og ikkje ønsker at den norske arbeidslivsmodellen og partane sine rettferdige verkemiddel skal fungere. Han vel å bruke ordet boikott. Vi står på retten til å ha ei meining og prøve å påverke verksemda vår til å ha sunne samarbeidspartnarar. Det handlar om den norske arbeidslivsmodellen der klubben har medverknad i korleis utviklinga til selskapet skal vere.
– Vi har gode grunnar til å tru at Aker Solutions vil høyre på oss. Haldninga til eit seriøst arbeidsliv og aktive tillitsvalde står sterkt i leiinga, seier klubbleiaren i Verdal.
Opprop: Fleire hundre har signert opprop mot trakassering av tillitsvald