LOfavør Mastercard Ung:

Unge medlemmer reagerer på kredittkort-reklame frå LO midt i koronakrisa

Samtidig som mange medlemmer er permitterte og ledige, reklamerer LOfavør for kredittkort.

DÅRLEG TIMING: – Eg synest LO bør halde seg for god til at fordelsprogrammet deira skal bidra til at kredittkortgjelda aukar. Spesielt når så mange er arbeidsledig, permittert og ikkje har så mykje å rutte med, seier Fellesforbundet Ung-leiar Tom-Magne Nordli.
DÅRLEG TIMING: – Eg synest LO bør halde seg for god til at fordelsprogrammet deira skal bidra til at kredittkortgjelda aukar. Spesielt når så mange er arbeidsledig, permittert og ikkje har så mykje å rutte med, seier Fellesforbundet Ung-leiar Tom-Magne Nordli.
Publisert Sist oppdatert

JOBB

Kredittkortgjeld

Nordmenn har i dag over 55,2 milliardar kroner i kredittkortgjeld.

I fjor gjekk 50 prosent av kredittkort-bruken til kjøp av forbruksvarer, 44 prosent til reiser, 30 prosent til uføresette utgifter og 12 prosent til helseutgifter.

Kjelde: Gjeldsregisteret, Sifo

LOfavør

LOfavør er fordelsprogrammet for medlemmene i LO-forbunda, administrert av eit selskap eigd av LO og Sparebank 1. Fordelsprogrammet er styrt av det såkalla Fellesutvalet med representantar frå forbunda.

Kjelde: LOfavør

– Vi har fått tilbakemeldingar frå ungdommen i Fellesforbundet om at fleire kjenner dei har blitt pusha kredittkort på seg. Det er ikkje sånn det skal vere, seier Fellesforbundet Ung-leiar Tom-Magne Nordli.

LOfavør lanserte nyleg eit Mastercard for LO-medlemmer mellom 18 og 34 år. Fleire har reagert på ei reklame-kampanje på Facebook for kortet, som Børsen har omtalt.

Fekk du med deg denne? LO med Norges største bankavtale

Ingen god deal

Kredittkortet er gratis dersom du betaler tilbake i tide. Dersom du ikkje gjer det, er derimot renta 19,92 prosent med gebyr og kostnader.

– Eg synest LO bør halde seg for god til at fordelsprogrammet deira skal bidra til at kredittkortgjelda aukar. Spesielt når så mange er arbeidsledig, permittert og ikkje har så mykje å rutte med, seier Nordli.

Saka held fram under bildet.

I overkant av 8.000 Fellesforbundet-medlemmer er permitterte. Heile sju av ti har slite med å få endane til å møtast med inntekta dei har hatt, viste ei medlemsundersøking frå forbundet i sommar.

– Først og fremst må LOfavør slutte med reklame for kredittkort. Eg er redd mange ser på kortet som ei enkel løysing, seier Nordli.

Målretta reklame

Magasinet har sett reklamen på Facebook. Ut frå informasjonen Facebook oppgir, ser vi at annonsa er målretta mot personar frå 18 til 33 år.

I tillegg framgår det at LOfavør har brukt e-post-lister for å nå ut til medlemmene.

Eit trygt kredittkort

LO svarer på kritikken i ein epost.

Dei opplyser at forbunda sa ja til å lansere eit Mastercard for unge i oktober, fordi dei fleste i aldersgruppa allereie bruker kredittkort.

– Desse treng eit trygt kort å bruke, uttaler LO-sekretær Terje Olsson.

Han viser til alle forsikringane som følger med når ein kjøper reise, konsertbillett eller handlar på nett. Olsson peikar også på rabatten på strøymetenester i kortet.

– Som kan komme godt med i ei tid der ein må halde seg meir heime.

Les også: Denne annonsen frå LOs fordelsprogram gjer sjøfolk forbanna

Unge er flinkare

Olsson trekker også fram erfaringar frå Sparebank 1 som lanserte eit ungdomskort for to år sidan. Unge bruker kortet meir enn vaksne, men betaler i mindre grad renter.

– Altså er dei bevisste og flinkare enn eldre kortbrukarar, uttaler han og legg til at LOfavør bidrar til den uavhengige tenesta kortvett.no.

Powered by Labrador CMS