Jernbanealliansen åtvarar mot klimauvennleg budsjettforslag
600 millionar mindre til vedlikehald av jarnbanen
Jernbanealliansen er kritisk til 600 millionar mindre til vedlikehald av jarnbanen.
Holger Schlaupitz er leiar av organisasjonen Jernbanealliansen. Dei består av arbeidstakarar og arbeidsgjevarar innan jarnbane - i tillegg miljøorganisasjonar.
På landsmøtet til Norsk jernbaneforbund framheva Schlaupitz at å få meir gods frå veg til skinner, vil vere det som kan kutte mest i klimautslepp.
For at det skal bli meir godstransport på jarnbanen, må det opprustning og vedlikehald til:
– I regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år er det foreslått å kutte 600 millionar kroner til vedlikehald av jernbanenettet. Trass i at det dei siste åra har blitt bevilga meir til jernbanen, er dette eit betydeleg kutt. Det er eit stort etterslep, eit etterslep som det må gjerast noko med om det skal bli mogleg med meir gods frå veg til bane, sa Schlaupitz.
Etterslep på 17 milliardar
På landsmøtet blei det også framheva at det er eit totalt etterslep og opprustingsbehov på 17 milliardar kroner på norsk jarnbane:
– Det er frusterande at nettet har den standarden det har. Er det ein upåliteleg bane, vil ingen bruke den. Våre viktigaste mål frammover er meir investering i nettet og meir gods frå veg til bane, sa Schlaupiz i Jernbanealliansen.