Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Innleige frå bemanningsbyrå:
Fagforeiningar krev at ei ny regjering forbyr innleige frå bemanningsbyrå, og startar med byggeplassane rundt Oslofjorden.
Torsdag klokka 14.00 utanfor Stortinget, blir det streikemarkering med politiske appellar og kulturelle innslag.
Bak den politiske streiken står LO i Oslo, Heismontørenes Fagforening og Elektromontørenes Forening i EL og IT Forbundet, Tømrer og Byggfagforeningen og Bygningsarbeidernes Fagforening i Fellesforbundet.
Les også: Tilsyn fann storstilt ulovleg innleige. Klubben håpar bedrifta endeleg skjerpar seg
Kravet er forbod mot innleige frå bemanningsbyrå, og som strakstiltak forbod på byggeplassar i Oslo, Viken og Vestfold.
– Bemanningsbransjen og låglønnskonkurranse har bite seg fast og blitt ein fast del av arbeidslivet. Vi har prøvd å regulere bransjen gjennom likebehandling og innstrammingar i innleigereglane, men ikkje lykkast, seier leiar Joachim Espe i Bygningsarbeidernes Fagforening i Oslo.
Fagforeiningane meiner det går på kostnad av faste tilsettingar, stillingsvern og kontroll på arbeidstida – og fagmiljøet:
– Bedriftene er ikkje interessert i å investere i kompetansen til mellombels arbeidskraft, påpeikar leiar Alexander Hopland-Wøien i Tømrer og Byggfagforeningen i hovudstaden.
Adecco søker etter tømrere til 50 timers uke: Ulovlig og oppsiktsvekkende, sier LO-jurist
Leiarane i byggforeiningane i Oslo viser til at massiv innleige, og dessutan større bruk av underentreprisar, har halde fram i byggebransjen etter at innleigereglane vart stramma inn i 2019.
Heller ikkje makta Arbeidstilsynet fekk i fjor sommar til å kontrollere reglane og gi pålegg, har fått bukt med ulovleg innleige.
– Det har vore mykje omgåing av reglane og bruk av smotthol, både i produksjonsbedriftene og bemanningsbyråa, hevdar Espe.
Torsdag lanserer fagforeiningane ein rapport om innleiga i byggebransjen i Oslo, som skal vise at lovendringar ikkje har hatt effekt på bruken av innleige.
Det er ikkje tilfeldig at streiken skjer dryge to veker før stortingsvalet, der maktforholdet i norsk politikk kan vippe i favør dei politiske partia på venstresida.
– Vi ønsker å halde partia ansvarleg, også når dei er i posisjon. Dette er eit signal til dei, seier Hopland-Wøien og viser til eit eventuelt regjeringsskifte etter 13. september.
Også i 2017, 2018 og 2019 gjennomførte fagforeiningane politiske streikar mot bemanningsbransjen.
– Dette er fjerde gong vi streikar, noko som viser at dette er eit krav vi ikkje kjem til å sleppe. Det handlar om kampkrafta til fagrørsla, så om vi ikkje står på kravet kan vi like godt pakke saman, avsluttar Espe.