Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Skjenkebevilling:
Eit flertal av politikarane i Trondheim vil ta frå strippeklubbar skjenkebevillinga.
Strippeklubbar i Trondheim vil etter alt å dømme ikkje få skjenkebevilling. Kravet er nemleg ein del av det raudgrøne bystyrefleirtalet sin samarbeidsplattform.
Fleirtalet består av Ap, SV, MDG og Sp. I eit komitemøte 2. juni fekk kravet også støtte frå Raudt og Pensjonistpartiet.
Fellesforbundet-avdelinga som organiserer tilsette i hotell- og restaurantbransjen i Trondheim, stiller seg derimot negativ til kravet.
Temaet var ein del av ei høyring tidlegare i år om endringar i reglane for skjenkebevilling i kommunen. I dag har Trondheim berre ein strippeklubb, Dreams Showbar.
«Vår vurdering må være at et slikt moralsk argumentert grunnlag vil føre til at ansatte mister jobbene sine, som mange har hatt i flere år på same plass med gode lønns- og arbeidsvilkår», skriv Fellesforbundet avdeling 250.
Avdelinga anbefaler «at man heller ser på bedre og hyppigere kontroller på slike steder, både fra Arbeidstilsynet og andre offentlige instanser».
– Det er ikkje ulovleg med stripping som underhaldningsform, seier avdelingsleiar Børge Ånesen til Magasinet for fagorganiserte.
– Vi er opptatt av at det moralske ikkje må settast framfor det prinsipielle. Vi har tatt eit prinsipielt standpunkt.
Også Trøndelag politidistrikt, NHO Trøndelag og Næringsforeninga i Trondheimsregionen stiller seg negativ til at strippeklubbar skal miste skjenkebevillinga. Dei viser alle til at stripping ikkje er ulovleg. Det same gjer Kommunedirektøren (Rådmannen).
Forutan skjenkebevillinga til strippeklubbar, har Fellesforbundet-avdelinga uttalt seg om krav om minstelønn for å få skjenkebevilling.
– Vi følgde same linja når vi svarte på endringar i regelverket om minstelønna, seier Ånesen.
Avdelinga viser til at minstelønna i bransjen er lovfesta og allmenngjort av partane i arbeidslivet. I tillegg meiner dei utestadane må kunne vise til lovpålagde arbeidskontraktar og lønnsslippar for å få skjenkebevilling.