Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Vender tilbake til hotell-faget:
Hotellresepsjonist Sandra Bury sjekka inn i haustens sesong av Paradise Hotel. I reality-programmet har det blitt mindre fyll og sex med åra, og desto meir alliansebygging mellom heilt vanlege arbeidsfolk.
TRONDHEIM: Denne veka måtte ho sjekke ut frå reality-programmet, men eit nytt hotellopphald venta etter turen til Mexico. Sandra Bury er nemleg faglært resepsjonist, og jobbar på Hotel Grand Olav i Trondheim.
– Eg liker kontakt med menneske, og å yte sørvis, forklarer den 23 år unge nordlendingen.
Mye lest: Dette er snittlønna i over 350 yrker
Eigentleg var det sangprogrammet The Voice ho ville delta på, innrømmer Bury. Men etter å ha fått avslag for andre gong, vart det Paradise Hotel på strøymetenesta Viaplay i staden.
– Eg ville vise meg fram, hadde lyst på eit eventyr og var interessert i spelet, fortel ho.
Eit opphald på eit luksushotell i Mexico var heller ikkje å forakte, sjølv om det vart ei følelsesmessig turbulent reise.
Paradise Hotel handlar om å bygge alliansar og tenke framover, forklarer ho.
– Mange trur det berre er fyll og sex, men fokus har endra seg til å handle om spelet.
TV-produksjonen har innført strenge reglar for alkoholkonsum, og viser ikkje lenger sex på TV. Mykje har skjedd sidan dei første sesongane, forklarer Bury som deltar i nummer 15.
Fikk du med deg denne? Trondheim kommune tapte sak om skjenke-nekt til strippeklubb
Då Sandra fortalde familien at ho skulle delta på reality-TV, visste mamma at ein draum gjekk i oppfylling, og gav tommelen opp. Til pappa og søstrer i Polen, som ho flytta frå som 8-åring, måtte Sandra forklare konseptet.
– Pappa sa at det var greitt, men at eg måtte hugse at eg også representerer etternamnet mitt.
På førehand var Bury trygg på at ho ikkje kom til å bli flau, eller angre på noko. Det har ho heller ikkje gjort – sjølv om ho synest det er rart å sjå seg sjølv vise følelsar på TV i ein redigert versjon av verkelegheita.
Ho har derimot fått vennar for livet, og blitt kjent med seg sjølv.
– Eg har lært så mykje om meg sjølv, og blitt betre til å takle motgang. Det er noko eg også kan ta med meg inn i arbeidslivet.
Medlem i Fellesforbundet, har Sandra Bury vore sidan deltidsjobben som servitør på ein restaurant i Bodø.
– Eg er veldig glad for å ha tryggleiken det er å vere fagorganisert, og å kunne få hjelp dersom eg treng det. Det handlar om å vite at du har nokon i ryggen.
Til unge Paradise-sjåarar, kjem ho gjerne med ei oppfordring til å fagorganisere seg:
– Du må tenke framover, sjølv om du har det bra på jobben her og no.
Bury ønska ei forandring, og flytta i mai sørover. Fast og full stilling fekk ho på ei veke, før sommarens korona-rush av innanlandsreisande gjestar.
– Likskapen med Paradise, må vere at eg føler meg like bra med gjengen som jobbar på dette hotellet, som med gjengen i Mexico, ler ho frå stolen i lobbyen på Grand Olav.
– Eg trivst ufatteleg godt med kollegaer og arbeidsmiljø.
Og i resepsjonen på hotellet blir ho verande på fulltid, med mindre ein platekontrakt plutseleg skulle dukke opp.