Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Lokal lønnskamp
Eksploderande prisvekst, utolmodige medlemmar og trugslar om gå sakte-aksjon. Verftet i Verdal er ein av mange arbeidsplassar der arbeidsfolk no skjer ut sin del av kaka.
– Det er eit skambod, og det har eg sagt til dei. Men eg vil ikkje ha dokker forbanna enno, for no er det 14 dagar pause i forhandlingane.
Inne i ein sal på eit av bygga på verftet ute på Ørin i Verdal, har over 130 Fellesforbundet-medlemmar samla seg til eit klubbmøte for dagskiftet. Aker Solutions-kjeledressar fargar rommet raudt.
Klubbleiar Stian Sagvold har fortalt om gårsdagens tilbod om lønnstillegg frå bedriftsleiinga.
– Vi veit at forhandlingane skaper engasjement, så det er viktig at dokker får fakta om kva som går føre seg og at dokker kjem med innspel.
Når vi les avisene på vårparten verker det som om lønna vår blir forhandla fram på eit møterom i Oslo.
Men i skuggen av blitsregnet i hovudstaden, skjer det tusenvis av lokale forhandlingar på arbeidsplassar landet rundt. Der blir dei lokale lønnstillegga forhandla fram.
Størsteparten av lønnsveksten skjer faktisk lokalt for dei fleste av Fellesforbundet-medlemmane. Gjennom årlege forhandlingar ute på arbeidsplassane, skjer opp mot 80 prosent av lønnsveksten i industrien. Dei store verftsklubbane er lokomotivet.
Magasinet for fagorganiserte har fått bli med bak kulissane i den «hemmelege» prosessen der lønna blir forhandla fram.
Dagen før klubbmøtet sit forhandlingsutvalet inne på eit møterom i administrasjonsbygget på verftet. Det er Sagvold, nestleiar Erling Falstad og sekretær Kenneth Hernes i Verkstedklubben Aker Verdal. Tidlegare på dagen har dei fått «skam-bodet» på 3,50 kroner meir i timen.
No er det opp til klubben å skape rørsle i forhandlingane. Forhandlingsutvalet har eit såkalla særmøte før dei skal møte bedrifta igjen med eit nytt krav. Dei pakkar med seg papir og datamaskiner og går til eit anna møterom. Sjette forhandlingsdag er godt i gang.
Dei tre karane er ved godt mot når dei plukkar opp journalisten i kantina etter ein times tid. Møtet med bedriftsleiinga starta med stort alvor. Lønnsforhandlingar er ei emosjonell berg- og dalbane.
Sagvold er ikkje ein blid familiefar for tida. For dette er såpass krevjande at han tar det med seg heim, og årets lønnsforhandlingar er hans første som forhandlingsleiar. Det har vore kjenslefulle forhandlingar i år, og det har vore nære på at forhandlingane har stranda.
Etter å ha gjort nokre førebuingar, er det klart for styremøte inne på klubbkontora. Sagvold informerer styret om status i forhandlingane på dei ulike krava. Styremedlemmane stiller spørsmål og fortel om diskusjonar som går på golvet. Ein litt morsk gjeng forlet til slutt styrerommet.
Forhandlarane på verftet kjenner på presset i år, for forventingane er enorme.
Bakgrunnen for årets lønnsforhandlingar er ein prisvekst utan like. Prisane var spådd til å stige med 3,3 prosent i år, men ligg no an til å auke mykje meir. Drivstoff, mat, renter – alt har blitt mykje dyrare for arbeidsfolk flest.
Verkstedklubben pressast til å presse ut maksimalt i kroner og øre.
Klubben har store krav, for no knip det i lommeboka til medlemmane.
Ute på verftsområdet ligg kranene nede. Dei store understella til oljeplattformer som vanlegvis er eit landemerke langs E6, glimrar med sitt fråvær. Verftet i Verdal har vore gjennom ei tid med dårleg økonomi – lite arbeid, permitteringar og utleige av tilsette til andre bedrifter.
Men no er det like før det smell. Offshore vindkraft, oppdrettsanlegg og oljeplattformer skal byggast i Verdal. 300 nye skal tilsettast dei neste åra – og det i ei tid med låg arbeidsløyse og hard konkurranse om arbeidskrafta.
Derfor må jobbane vere attraktive. Det er fint å investere hundrevis av millionar i utstyr, men det er dei tilsette og kompetansen deira som er viktigast. Forhandlarane har argumentasjonen klar.
Tariffavtalene slår fast kva argument dei kan bruke i dei lokale lønnsforhandlingane. Fire kriterium for forhandlingane vart avtalt mellom LO og NHO i 1990. I industrien er det eit femte.
Arbeidsgivarane skal forklare situasjonen til bedrifta ut frå dei fem kriteria. Deretter er jobben til klubben å krevje sin del av kaka, altså av verdiane som bedrifta skaper. Klubben vil ikkje at kakestykket skal vere større enn at arbeidsplassen klarer seg i konkurransen med andre bedrifter.
No er verftet i Verdal så godt stilt når det gjeld kriteriet framtidsutsikter og kriteriet konkurranseevne, at lønna må opp. Det meiner iallfall forhandlarane i klubben.
Mye delt: To brødre kjøper en butikk i 1997. 17 år senere blir de siktet for menneskehandel
Om vi spoler tilbake til fjoråret, blir eit oppdrag kansellert midt i lønnsforhandlingane. Sagvold og klubben i Verdal er pent nøydde til å ta tilbodet som ligg på bordet. Framtidsutsiktene til bedrifta er dårlege – og klubben mistar kampmiddelet sitt fordi det ikkje er arbeid på verftet.
Kampmiddelet er «gå sakte-aksjon», og reglane står i tariffavtala. Om klubben og bedrifta ikkje blir einige om lønna, kan dei seie opp heile avtala om lønna med ein månads varsel. Etterpå skal dei tilsette jobbe mindre og får til gjengjeld mindre lønn.
Sånn blir dei pressa til å bli einige. Bedrifta får dårlegare inntening, mens dei tilsette får mindre lønn.
Sjølv om Verkstedklubben Aker Verdal berre har gått sakte to gongar sidan den vart stifta i 1969, fungerer moglegheita som ein trugsel som jamnar ut maktforholdet mellom arbeidsgivaren og tilsette.
For arbeidsgivarane gir ikkje ved dørene.
Ein del tillitsvalde forstår ikkje rolla si, meiner Sagvold.
Dei skal vere motstandarar til bedriftsleiinga under forhandlingar, ikkje samarbeidspartnarar. Lønnsforhandlingar er ein interessekonflikt der dei tilsette skal ta sin del av verdiskapinga. Det er ein lønnskamp.
Det er ingen søndagsskole eller kjære mor. Lønnsforhandlingar skal vere ubehagelege.
På Aker Verdal er alt vanleg samarbeid mellom klubben og bedrifta stoppa under forhandlingane, sånn at partane ikkje skal bli farga av lønnskampen. Etterpå er det ingen vonde miner, for forhandlarane er flinke på å skilje mellom sak og person.
Medlemmane må også skjønne at dei sjølve skal kjempe for høgare lønn ute på arbeidsplassane, meiner Sagvold. Forbundet sine forhandlarar i Oslo kan ikkje sørge for rettferdige lønnstillegg på kvar enkelt arbeidsplass.
Sånn må det vere i industrien.
Dei store verfta kjempar om dei same kontraktane. Vinn Aibel kontrakten, kan dei tilsette der ta ut meir av verdiskapinga, men ikkje dei på Aker.
Lønnsforhandlingane er framleis eit godt stykke frå mål når Magasinet seier takk for seg og leverer besøkskort og verneutstyr i vakta.
På Aker Verdal er dei lokale forhandlingane ein lang prosess. Ja, nesten så lang at vi – som er vande til å høyre om lønnsforhandlingar som er gjort unna på eit par dagar – nesten ikkje trur våre eigne øyrer. Oppstarten var 13. juni, og målet er å bli ferdig innan 1. oktober.
Nesten fire månader, altså.
Medlemsdemokratiet er grunnen til den omstendelege prosessen. Heile 470 industriarbeidarar er med i klubben. Å involvere så mange i lønnsforhandlingar tar tid.
Da gjeld det å ikkje stresse.
Siste ord får medlemmane, når dei skal stemme ja eller nei til resultatet i forhandlingane. Og dei skal stemme ut frå kunnskap, ikkje kjensler. Da må medlemmane bli informerte under vegs.
Engasjerte medlemmar er ein styrke under forhandlingane.
Om dei ikkje er nøgde med resultatet, skal klubben gå sakte for tredje gong gjennom historia.
Mye lest: Renholder Lucyna fikk sparken etter å ha forsynt seg av sjokolade