Statsbudsjettet 2022:

Solberg-regjeringa vil kutte i feriepengar til arbeidslause neste år

Mindre feriepengar til færre neste år. Det blir resultatet for arbeidslause dersom Solberg-regjeringa får viljen sin.

Publisert Sist oppdatert

JOBB

Stortinget vedtok i april at dei som har fått dagpengar i 2020 og 2021 skal få 10,2 prosent av dagpengane i feriepengar utbetalt sommaren 2021 og 2022.

Solberg-regjeringa foreslår derimot ei dårlegare korona-ordning enn Stortinget har vedtatt, når dei set av 660 millionar kroner til feriepengar i statsbudsjettet for neste år.

Dei «følger delvis opp» stortingsvedtaket, skriv regjeringa sjølv.

Regjeringa viser til at dei fleste som vart arbeidslause under pandemien har komme tilbake i arbeid, og dermed har delvis opptent feriepengar frå arbeidsgivar. Derfor ønskar dei ei ordning som er meir målretta mot dei som har vore arbeidslaus lenge.

Reaksjon: «Snikkutt» i feriepengar til arbeidslause får kritikk på Stortinget

Statsbudsjettet 2022: LO håpet regjeringen ville styrke tiltak for arbeidssøkere – blir redusert med 580 millioner i statsbudsjettet

Mindre til færre

Forslaget om feriepengar i 2022, utgjer berre 9,5 prosent av dagpengane som vart utbetalt i perioden frå januar til oktober i 2021.

Du må dessutan ha mottatt dagpengar i minst 25 veker innanfor denne perioden. Som i årets ordning, kan du ikkje ha mottatt dagpengar i meir enn 52 veker og dermed ha rett til å ta fire veker ferie frå arbeidssøking.

Du kan heller ikkje få meir enn 12.000 kroner i feriepengar, ifølge forslaget.

Feriepenger for dagpenger: Heidi Nordby Lunde mener feriepenger på dagpenger er «ko-ko»

Kan bli endringar

Stortinget kan gjere endringar i statsbudsjett-forslaget til den avtroppande Solberg-regjeringa.

Ap har i 100-dagarsplanen for ei ny regjering, lova at dei skal gjeninnføre feriepengetillegget på dagpengar. Også Sp, SV og Raudt har stemt for dette i Stortinget.

Ferietillegget var på 9,5 prosent av dagpengane for alle som hadde fått dagpengar i meir enn 8 veker.

Gjeninnføring av ferietillegget har også vore ei kampsak for LO, etter at regjeringa fjerna det i 2015.

Dagpenger, sykepenger og omsorgspenger: Nav avslutter nå en rekke koronatiltak. Se oversikten her

Powered by Labrador CMS