Dette er en sak fra
Magasinet for fagorgansierte
Vi skriver om ansatte i store bransjer i privat sektor, blant annet industri, bygg, transport og hotell og restaurant.
Les mer fra oss
Menstadkonflikten var ein kamp om eksistensen til fagforeiningar, som markerer slutten på knallhard klassekamp i norsk arbeidsliv.
Måndag 8. juni 1931, Skiensfjorden: 2000 arbeidarar har marsjert ut til Menstad frå Porsgrunn og Skien. Korpset speler Internasjonalen, og over toget vaiar faner og raude flagg. I front går arbeidarvernet, 100 mann med stokkar til sjølvforsvar, og ein forhandlingskomite. Dei nærmar seg sperringane der 100 mann frå statspolitiet ventar. Politiet skrur på vasslangane og går til angrep med køllene til vers.
Slaget på Menstad er eit av kokepunkta i Norges største arbeidskamp, storlockouten og sympatistreikane i 1931. Arbeidsgivarane vil sette arbeidarane på plass og sørge for «arbeidsfred» etter eit konfliktfylt tiår. Den internasjonale krisa i økonomien har nådd Norge, og knapt etter at dei har lagt kravet om eit stort lønnskutt på bordet, stenger arbeidsgivarane portane til arbeidsplassane.
På Menstad, som så mange andre stadar på denne tida, skal konflikten handle om streikebryting. Historisk skal arbeidskampen i 1931 bli eit vendepunkt i norsk arbeidsliv.
Fire streiker som forandret norsk arbeidsliv: Disse kvinnene streika for å ikke dø på jobb
På utskipingshamna til Norsk Hydro på Menstad, blir hamnearbeidarane tatt ut i sympatistreik 15. april. Ei gruppe kontraktarbeidarar held likevel fram med å laste salpeter. Etter ein bitter konflikt om streikebryting i 1924, har bedrifta nemleg gitt 24 tilsette sparken. Dei vart så tilsett på nytt som uorganiserte på kontraktar med tre månader oppseiing, for å kunne halde fram utskipinga under streik.
Allereie i 1928 har gruveselskapet AS Sydvaranger kopiert modellen, og på den måten kvitta seg med fagforeininga. Kontraktane utfordrar sjølve eksistensgrunnlaget til fagrørsla.
I dei fagorganiserte og folkeopinionen i Skiensfjorden sine auge, er kontraktarbeidarane streikebrytarar. Og når dei kampvillige kommunistane tar leiinga frå sosialdemokratane seks veker ut i streiken, startar opptrappinga til det vi kjenner som Menstadslaget.
2. juni drar 1200 demonstrantar til Menstad, tar seg forbi politiet og jagar kontraktarbeidarane vekk. Den mektige Hydro-leiinga set i gang lobbyverksemda for fullt. Dei krev at regjeringa sender soldatar for å beskytte kontraktarbeidarane, og får løfte om ei hardare linje frå justisministeren.
Det blir innfridd allereie 8. juni når kontraktarbeidarane tar opp igjen arbeidet, og 2000 demonstrantar gir statspolitiet grundig juling. Bondeparti-regjeringa sender same kveld eit gardekompani med nattog frå Oslo, to torpedobåtar og to mineutleggarar til Skiensfjorden.
Kanonar og gevær blir sette inn mot stokkar og steinar. Overmakta er fullstendig, og arbeidarleiarane blir arrestert i dagane som følger. Likevel skal det heile ende med eit kompromiss.
13. juni tar kontraktarbeidarane opp arbeidet, men blir sendt på ein lang ferie seks dagar seinare. For å få slutt på den langvarige arbeidskampen går Hydro i august med på å fjerne det omstridde kontraktsystemet som i lang tid er borte frå norsk arbeidsliv. Arbeidsgivarane er lei av lockout og streik, og i september er partane einige om eit resultat som sikrar reallønna.
Lockouten og streikane i 1931 er eit vendepunkt etter harde konfliktar i mellomkrigstida, ifølge historikarane. Trass dei harde 20-åra med nedgangstid og aukande arbeidsløyse, har fagrørsla klart å slå tilbake krav om lønnskutt. Arbeidskampane endar samla sett uavgjort, utan siger til verken fagrørsla eller arbeidsgivarane.
Arbeidsgivarane skjøner at det er betre å samarbeide med den forhandlingsvillige LO-leiinga enn å hanskast med det radikale grunnplanet. Etter den siste styrkeprøva, startar klassesamarbeidet for fullt.
I 1935 blir LO og Norsk Arbeidsgivarforeining einige om Hovudavtala der tillitsvalde får medbestemming på arbeidsplassen i bytte mot arbeidsfred. Arbeidarpartiet får dessutan regjeringsmakt gjennom kriseforliket med Bondepartiet.
Den nye linja i norsk arbeidsliv er forhandlingar og samarbeid. Også kommunistane i fagrørsla får ordre frå Moskva om å slutte fred med sosialdemokratane, sjølv om Arbeidarpartiet skal gå i stikk motsett retning.
Arbeidarleiarane i Skiensfjorden tar fengselsstraffa med hovudet høgt heva. På Menstad er kontraktane borte, og systemet forsvinn i lang tid frå norsk arbeidsliv. Det er berre ein streik til på hamna før krigen, og den blir avslutta same dag som den starta fordi leiinga kjem dei fagorganiserte i møte.