Industri Energi åtvarar mot færre faste tilsettingar:
Innleigde fekk ikkje bonus. No vil dei ta saka til Høgsterett
To tilsette i eit bemanningsbyrå kravde etterbetaling av bonusen dei fast tilsette i innleigebedrifta fekk. Dei gjekk på eit tap i lagmannsretten, men ankar no dommen til Høgsterett.
JOBB
Dei to tilsette i bemanningsbyrået Semco Maritime, som leiger ut tilsette i ei rekke yrkesgrupper offshore, vann fram med kravet i tingretten i fjor.
Bemanningsbyrået anka saken og i ein dom frå Gulating lagmannsrett i slutten av juni blir altså bemanningsbyrået frifunne.
p
– Klientane mine, og Industri Energi som hjelper til i saka, er svært skuffa over dommen og meiner det er feil rettsbruk, skriv advokat Karianne Rettedal i advokatfirmaet Projure i ein e-post til FriFagbevegelse.
Ho opplyser at saka blir anka til Høgsterett. Ei sak om bonus omfatta av likebehandlingsprinsippet er ikkje prøvd før og det er derfor sannsynleg at den slepp gjennom. Resultatet kan få konsekvensar for mange.
Prinsipp om likebehandling
Striden står om bonus til tilsette er omfatta av det såkalla likebehandlingsprinsippet i arbeidsmiljølova som trådde i kraft for seks år sidan, innført med EU sitt vikarbyrådirektiv. Det går ut på at innleigde skal ha minst like gode lønns- og arbeidsvilkår som fast tilsette.
Problemet er at norsk lov ikkje har ein eintydig definisjon av lønnsomgrepet. Dei to tilsette og LO-forbundet Industri Energi meiner denne typen bonus er omfatta av likebehandlingsprinsippet, medan bemanningsbyrået og arbeidsgivarorganisasjonen NHO er ueinige.
– Vi meiner likebehandlingsprinsippet skal gjelde også bonus. Dei innleigde har bidratt til at bedrifta har forbetra seg og kan utbetale bonus, seier Asle Reime i Industri Energi til FriFagbevegelse.
– Forbundet er i prinsippet mot bonus og meiner at det er normal lønn som skal gjelde. Men når det først er utbetalt bonus, skal den gjelde for alle. Vi meiner dette er ei viktig prinsipiell sak, seier Reime.
Fryktar meir innleige
Lagmannsretten konkluderer derimot annleis: Aker BP sin såkalla selskapsbonus er knytt til konsernet og avdelingar sin prestasjon, ikkje til individuell arbeidsinnsats. Bonusen er dermed ikkje omfatta av lønnsomgrepet eller likebehandlingsprinsippet, meiner retten.
– Stemmer ikkje dette?
– Dette med å differensiere ut frå selskapsbonus eller ikkje, er berre tull. Derfor vil vi anke, seier Reime i Industri Energi og åtvarar:
p
– Med dommen frå lagmannsretten får likebehandlingsprinsippet ein større negativ effekt. Bemanningsbyråa får moglegheit til å differensiere seg frå andre, noko som gir ein konkurransefordel. Då lønnar det seg å leie inn framfor å tilsette fast, seier han.
FriFagbevegelse har kontakta både bemanningsbyrået Semco Maritime og NHO. Semco Maritime vil ikkje kommentere saka. NHO vil berre gi følgande kommentar i ein e-post:
– Vi konstaterer at Industri Energi opplyser at dommen frå Gulating lagmannsrett vil bli anka til Høgsterett. Vi meiner dommen er korrekt og i tråd med det NHO har hevda sidan likebehandlingsreglane kom i 2013.