Ønsker du å si din mening?
Her finner du informasjon om debattinnlegg og kronikker til FriFagbevegelse
Debatt
Europa kjem til Leikanger for å læra om automatiserte tilsyn. No tyder signala frå regjeringa at fem av dei 19 stillingane i Tilsynet for universell utforming av IKT kan bli borte.
Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no
Regjeringa har sett seg mål om meir bruk av KI, betre digital inkludering, sterkare universell utforming, betre etterleving av EØS-regelverk, levande fagmiljø i heile landet, fleire i arbeid og styrka totalberedskap.
Då framstår det som lite logisk å svekkja eit fagmiljø som bidreg til å realisera fleire av desse måla samtidig.
Fleire og fleire, både private og offentlege verksemder, brukar digitale tenester til å kommunisere med folk som dei skal yta tenester til. Såleis vert ei utilgjengeleg digital teneste vår tids stengde dør.
Ho hindrar folk i å delta i arbeidsliv, få tenester og utøva rettane sine på same måte som om inngangsdøra til jobben, butikken, bussen, vallokalet, kommunen eller sjukehuset var låst.
Når over 850.000 menneske strevar med ulike digitale løysingar, er det eit samfunnsproblem.
Folk vil vera sjølvstendige, meistra kvardagen sin og vera i jobb, men når samfunnet skapar barrierar vert det umogleg for mange.
Det er barrierar på det digitale området UU-tilsynet jobbar med å identifisera, rettleia om, og fjerna.
Som tillitsvald er også eg oppteken av KI og digitalisering, men ikkje utan digital inkludering.
Digital inkludering handlar ikkje berre om deltaking. Ho er også avgjerande for ansvarleg innføring og bruk av KI.
For å kunna forstå, bruka og påverka teknologien som får ein stadig større plass i kvardagen til folk, må den også vera tilgjengeleg for alle.
UU-tilsynet har mellom anna ansvar for å følgja opp forskrifta om universell utforming av IKT og Webdirektivet frå EU. Tilgjengelegheitsdirektivet står for døra.
Sjølv om det kan vera overraskande for dei som jobbar med budsjett, får me ikkje universell utforming på magisk vis av gode intensjonar aleine.
Det skjer heller ikkje automatisk, sjølv om det finns ei rekkje fellesløysingar som kan gjera det lettare for verksemder å stetta krava til universell utforming.
Det kostar pengar og menneskelege ressursar å følgje opp det Stortinget vedtek å ta inn i norsk rett.
Regjeringa hevdar at det ikkje er kutt fordi budsjettramma til Digdir ligg fast.
Eg vil hevda at når resultatet er at fem stillingar hjå UU-tilsynet ikkje vert finansiert, spelar det liten rolle om du kallar det kutt, at budsjettramma ligg fast eller ei tilpassing av aktivitetsnivå.
Eg brukar difor kutt, som er eit ord vanlege folk forstår og som er den faktiske konsekvensen.
Om regjeringa kuttar ein firedel av dei tilsette i Noregs minste tilsyn, vert utspelet til næringsministeren og utanriksministeren 18. september om at Noreg skal bli betre på å implementera og følgja opp EØS-regelverk i framtida, utan innhald.
Det same vil gjelda utsegna frå kultur- og likestillingsministeren og digitaliseringsministeren om at regjeringa vil styrkja den universelle utforminga av samfunnet, og utsegna frå arbeids- og inkluderingsministeren om at me ikkje berre skal følgja utviklinga i bruk av KI, men også forstå ho.
Det er vanskeleg å sjå samanhengen i å svekka det einaste fagorganet for universell utforming av IKT, når det uttalte målet er å styrka innsatsen på området. Då kan det sjå ut som om regjeringa driv politikk etter innfallsmetoden. Og det er ikkje slik eg kjenner Arbeidarpartiet.
Arbeidarpartiet er jo ikkje Joker Nord, men eit ansvarleg styringsparti som snakkar saman og ser samanhengen mellom måla dei set seg og verkemidla som skal til for å nå dei, trur eg.