Debatt

Vald, ikkje utvald

Publisert Sist oppdatert
NTL landsmøte votering

Ein organisasjon som vel folk av gamal vane, utan utfordrarar, vil fort få problem med å vera ein levande demokratisk kamporganisasjon. 

Dette er et meningsinnlegg. Send inn debattinnlegg til debatt@lomedia.no

JOBB

Landsmøtet til NTL er like om hjørna, og her skal me vedta politikken og retninga for NTL for dei neste fire åra. Og like sikkert som at me vel politikarane våre kvart fjerde år, skal me også velja kven som skal leia fagforeininga vår. 

Dei siste vekene har det vore debatt om framtida og leiarverva i NTL. Kandidatar er lanserte, endring er etterlyst, og utfordrarane er bedt om å fortelje kva dei står for. 

Eg er samd i at dei som ynskjer å ta på seg dei høgste verva i NTL bør fortelja kva dei står for, men det må også gjelda for dei som for tida er i dei fremste posisjonane i forbundet. 

Arbeidet med NTL2033 og evalueringa i etterkant, har løfta fram både erfaringar og læringspunkt. Mellom anna på bakgrunn i dette, vil eg gjerne vita meir om korleis kandidatar til leiinga ser på leiarskap, organisasjonskultur og demokrati i NTL.

– Kva vil du gjera for å sikra tryggheit og takhøgd for ulike syn i NTL? 

– Korleis vil du sikra at vedtak fatta i NTL sine demokratiske organ blir følgde opp, også om du personleg er mot vedtaka?

– Korleis handterer du usemje? 

– Kva slags organisasjonskultur ynskjer du at NTL skal vera kjent for ved landsmøtet om fire år?

– Korleis vil du sikra at du har god kjennskap til kva utfordringar medlemar over heile landet møter i kvardagen?  

Det er eit sunnteikn at nokon ynskjer å utfordra, engasjera seg og ta ansvar. Ein organisasjon som vel folk av gamal vane, utan utfordrarar, vil fort få problem med å vera ein levande demokratisk kamporganisasjon. 

I ein demokratisk organisasjon er ein vald, ikkje utvald.

Powered by Labrador CMS